Haustferie:
Tur til Vårsætra og Utsikten med Henning og Hilde, måndag 6. okt.Vinter i vente og snø på fjelltoppane kring N.eid i dag, torsdag 30. okt.
Jenter 15/16 år 9'ar-fotball vart kretsmeisterar i vind og regn på Eid Idrettspark laurdag 25. okt. Kristine, Helene og Marthe frå 13/14-årslaget fekk også vere med på seieren. (Fotograf Stein Inge).
No er vi attende til "normaltid", lysare morgonar, men tidlegare mørkt på kvelden. Det har regna og blese meir enn godt er, vind, rasfare og flom på Vestlandet, vi må nok "sule inn att" den fine sommaren vi hadde i år. Det er fælt å høyre om alle som misser husa sine og får øydelagt jorda si av alt vatnet. Også store øydeleggingar på vegar og jernbaner.
Vi har hatt to bursdager i familien i oktober. Koseleg samvær med familien for Svein som fylte 73 år den 25. Bjørnar feira sin 19 årsdag i Drammen der han no bur. Litt vemodig med dei seks barnebarna som er flytta til studiar og jobb i Bergen, Kongsberg og Drammen - og ein til militære i Troms. Kristoffer og Hans Petter jobbar og bur i N. eid og Kristine og Henning går på hhv. Ungdomsskulen og Barneskulen. Det er sjølvsagt kjekt at dei unge får seg utdanning og jobberfaring. Svein har "installert" seg i kjellar-verkstaden for vinteren, blir litt kaldt å jobbe i garasjen no etter kvart. Snø i fjellet i dag, så då kjem vel også inspirasjonen til å måle bilder igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar