Onsdag/torsdag denne veka har eg vore med på samling for Russ 1964, jubilêum for
elevar som tok artium ved Eids 2-årige Gymnas for 50 år sidan.
Sist vi hadde samling var for 25 år sidan, då vi endå var “unge”. Denne
gongen var det ekstra sterkt å møte igjen gamle elevar.
Vi hadde det veldig kjekt, middag på Nordfjord Hotell onsdag kveld med
kåseri/historikk om skulen av tidlegare rektor ved skulen, Reidar Sørland.
Omvisning i Operahuset/Evg skule torsdag, der operasjef Kari Standal Pavelich orienterte og
heldt ein minikonsert for oss på fiolin.
Vi fekk også omvisning i systove og kostymelageret til Operaen i tidlegare
lokaler for yrkesskulen i Øyane. Dette stod Ingegjerd og Terje Heggen for, som også var russ i 1964. Dei er begge sterkt engasjert i dugnadsgjengen til operaen.
Les om skulen på desse linkane:
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/4C7E91B9EDF880F7C125727B0048DF2D?open&qm=wcm_1,2,0,0
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/D06ACA9E748B9AB7C12572A00039BA67?open&qm=wcm_1,2,8,0
Les om skulen på desse linkane:
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/4C7E91B9EDF880F7C125727B0048DF2D?open&qm=wcm_1,2,0,0
http://eid.vgs.no/cms/eid/cms.nsf/$all/D06ACA9E748B9AB7C12572A00039BA67?open&qm=wcm_1,2,8,0
1 kommentar:
Eg har vor på to liknande treff, men på 50-års treffet var eg ikkje. Kjekkast første gongen då vi enno var unge. Det må vere vemodig å møtast etter så mange år!
Legg inn en kommentar