mandag 1. august 2011

Dagstur over fjellet.


Den nye Turtagrø-hytta og fjella vi ser derifrå. Her møtes vegane Lom-Turtagrø-Sogn og Årdal-Turtagrø:



På toppen av Norge og like før ein byrjar på nedturen mot Bøverdalen/Lom, Galhøgpiggen langt borte i syninga:
Vi hadde ein fin tur i vakkert ver over Sognefjellet i går. Tok Loteferja og køyrde over Skei-Fjærland-Sogndal-Luster. Vakkert i indre Sogn også. Reinsdyrsteik på Lom før vi snudde nasen vestover igjen over Strynefjellet.

tirsdag 26. juli 2011

Tid for ettertanke.



Eg har som oftast liggjande ei bok eg les i ledige stunder. Lydboka "Etterpå" med Wencke Foss m.fl. er humoristisk og tankevekkjande. Lånte den på bibl., berre 4 cd-ar, så det er overkomeleg. Høver for "Vi over 60". Eg er imponert over sonen hennar, Fabian Stang, har nok arva mykje etter mor si. "Den gode kraften" av Snåsamannen, fekk Svein av Oserane for ei tid sidan. Den har også gjort inntrykk på meg. Elles har eg liggjande ein haug med bøker som eg har planer om å lese. Kristine og eg går som oftast på biblioteket ein gong i mnd., kjekt at ho får "gode" vanar. Ho likar godt å lese bøker, gjerne krim eller humor.

søndag 24. juli 2011

Snartur til Loen

Opa kyrkjedør på den gamle kyrkja som ligg ved starten på Lodalen.

Ærverdige Aleksandra hotell.

Turistbåt frå Olden.

I kveld køyrde vi Stig inn att til Loen. Han har feriejobb på NK i lag med samboer Renate. Roleg Malakoff Rockfestival på gutane i år - dei hadde kosa seg på Os begge kveldane. Berre over elva til festivalområdet, så dei fekk med seg musikken. Artistane var prega av dei triste hendingane på Austlandet. Bjørn Eidsvåg var ein av artistane laurdag og han avslutta med "Eg ser..". Vi sat i hagestova og fekk med oss det meste.

tirsdag 19. juli 2011

Blikkfang på Flø



I dag var Strikkemor, Lappetausa, Henning, Besten og eg på impulstur til byen Ulsteinvik på Sunnmøre. Vi starta handleturen på Valaker konditori i lag med Solveig og Olaug som er kjentfolk i byen. Mange fine butikkar i "Amfi" og "Det blå huset". Besten, Henning og eg tok turen opp til Biltema, Jernia og Lefdal mens jentene shoppa i sentrum. Vi kjøpte ny støvsugar, ein liten mikrobølgeomn og ny klyppemaskin til Besten + eit spel til Henning. Deretter tok vi ein rask tur ut til Flø, vakkert, men det låg tåke i havet, så vi fekk ikkje full uttelling. Eg var innom Moods of Norway-butikken der, stilig men dyrt - sjølv til 50 %. Eg har sett eit artig TV-program frå Flø som handla om M o N og ein musikk-festival der ute.
Jentene hadde avtala at vi skulle ta ein tur til Hareid og besøkje Solveig som er "gressenke" for tida. Ho serverte herleg lunsj og vi kosa oss med god prat, fekk også helse på dei 3 ungdomane i huset + katten og 2 kaniner. Takk for ein fin dag.

torsdag 14. juli 2011

Diverse

Mira kosar seg i skuggen under pæretreet

Hornindalsvatnet mot Nord sandtak:
H.vatnet mot Nesbakk og Sendaren på Sagtinden:
Mira vassar i H.vatnet i Vedvika:
Besten og Mira på rasteplassen ved Vedvika (til høgre):
Besten slo plenen i går, og i dag vart det tur til avfalls-mottaket i Leivdalen med grassekkar m.v. Vi tok ein snartur opp i Vedvika som er ei perle sommars dag. Denne rasteplassen er oftast opptatt, men i dag var der ingen. Det går fint å bade der også.

onsdag 13. juli 2011

Stor byggeaktivitet på Golvsengane


Når vi har Mira i pensjon, får eg meg mange fine trimturar. I dag gjekk eg for første gong den nye gangvegen opp forbi folkehøgskulen, ein fin snarveg for skuleungdom frå Golvsengane og Myklebuståsen. Det var litt vanskeleg å ta bilde med ein hund i band, men fekk knipsa eitt i retning huset til Stein (raudt) og vestveggen av den nye kommunale barnehagen som skal takast i bruk frå komande skuleår. Det ser noko uferdig ut, men det er ein mnd. igjen til skulestart. Det er eit langt bygg i 2 etg. i skrå tomt slik at det ikkje er trapper utvendig. Barnehagen skal ha 8 avdelingar med born frå 1 - 6 år. Den erstattar eit par av dei gamle kommunale barnehagane i tillegg til at det blir nye plassar slik at vi får full barnehagedekning i kommunen. Eg får leggje inn eit skikkeleg bilde av barnehagen og byggefeltet seinare, når det meste er på plass.
Svein har slått plenen i dag og fått fin trim med det. Fint ver i dag, men sterk vestavind på ettermiddagen.

tirsdag 5. juli 2011

Båtpuss

Øyvind og Kristine i småbåthamna.



Dag 2: Øyvind i fullt arbeid.

No er båten endeleg klargjort for sesongen, skulle vore gjort før, men mykje anna som måtte gjerast først og det er venteliste på slippen. I morgon blir det sjøsetjing på flo sjø. Båten vart kjøpt i 1983 på Bjerkneset v/Volda, Møring 21. Ei stor investering for oss den gongen. Svein monterte sjølv Volvo Penta motoren og ror/propell mens båten var plassert i hagen. I 2005 bytta han til ferskvanns-avkjølt motor Nogva Nanni 21HK, hadde også denne gongen båten i hagen, bringa/henta av kranbil. Har bytta kalesje eit par gonger, skulle spandert ny igjen, men får ta ting litt etter kvart. Båten ligg i småbåthamna heile året, så det blir sjølvsagt litt slitasje på kalesja, spesielt i vinterhalvåret. Det har vorte berre eit par fisketurar med Kristine til no i år på grunn av at båten var godt grodde under og på ror/propell. No håper vi på fine sommardagar som kan nytast på sjøen.

lørdag 2. juli 2011

Gloppe-tur



Biltur inn til Lappetausa i vakkert sommarver i dag. Vi hadde med ei barneseng til barnebarnet når han overnattar hos mormor. Lisjemora vår var også med. Lappetausa hadde laga nydeleg rømmegraut og vi kosa oss på terassen i fineveret. Vi hadde oss ein liten trimtur opp på øvste attelega til svogeren som driv garden på Rygg. Lappetausa bur landleg til opp mot skogen, snø på fjella endå i sør. Ho har naturtomt med masse fine stauder og fine krukker med blomster i på terassen. Vesleguten fekk presang som han måtte pakke ut. Vi fann dessverre ikkje T-skjorter med traktor-motiv.

torsdag 23. juni 2011

Jonsokfeiring i Os-fjøra

Koseleg jonsokfeiring i tradisjonell stil. Vi var som vanleg mange, sjølv om vi mangla Ole, Stig og Hans. Her er det restar av kaninburet til Stein Inge som går opp i flammar. Vi fire besteforeldra fekk sitje godt og varmt i kasserte sofaer, godt at Oddvar har god plass i naustet. Vi feira etterpå-bursdagen til Hilde med kanelsnurrar, sjokoladekake og grillmat.

søndag 19. juni 2011

Harpefossen hyttegrend

Øverst: Utsikt frå hyttefeltet og fram gjennom Smørdalen, Hjelmelandsdalen, mot den snødekte Gjegnen-fjellheimen langt i vest
Nedanfor:
Utsikt frå hyttefeltet mot dalen/skaret som går over til Fossane. Det skal visst nok bli ridesti frå Fossane til Harpefossen:

Dei øverste hyttene er langt oppe i fjellsida. God veg heilt opp:
Utsikt mot Tippasætra:
Lengst nede i feltet, nær det eldste trekket og Varmestova:
Vi tok oss ein biltur ut på Stårheim kyrkjegard, bursdagen til far og Elin i dag. Elin er i Dublin på songartur. Deretter køyrde vi gjennom Remmedalen og inn på Harpefossen. Vi har ikkje vore så langt opp i hyttefeltet tidlegare. Store hytter og flott utsikt, rikingar frå Måløy og Møre m.fl. har befolka dalen. Det er bygt eit heilt nytt skitrekk i tillegg til det gamle anlegget med varmestove og kiosk. Bygever i dag, fint når sola fekk sleppe til. Dei som har vore vekke i helga og siste veka er på veg heim igjen.

onsdag 15. juni 2011

Hyttetur

Måndag, 2. pinsdag, tok vi dei gamle tre-hagemøblane i hengaren og reiste ut på hytta: benk, to stolar og bord. Praktisk med tunge ute-møblar ved havet. Måndag var det fint ver og vakker solnedgang ca. kl 23.15. Men som det viser på bildet, følgde skyene frå søraust sola ned i havet og om natta regna det. Vi blir aldri lei av å nyte utsikten og solnedgangen på Nesje. Brukbart ver tidleg på tysdag, så vi fekk gjere ferdig slåtten for denne gongen. Hadde også lass inn att på hengaren tysdag kveld. Mykje rusk og rask som har samla seg opp gjennom åra. Vi passer Mira denne veka, så ho var med oss. Mykje sauer som beiter og skit i området, så vi er glade for å ha innegjerda hyttetomt. Måtte ha eit auge med hunden som var ekstra interessert i sauene. I morgon, torsdag, ventar vi overnattings-gjestar. EM og JP kjem ein snartur over fjellet i samband med gravferd til ein slektning i Måløy.
I dag er Strikkemor 45 år. Feiring blir det vel ikkje før i helga - i kveld er det avslutningsfest for barneskulen og i morgon er det ungdomsskulen, begge i Operaen.
Utruleg å tenkje på at den dagen ho vart fødd var det 33 varmegrader. I dag har vi i underkant av 15 varmegrader!

onsdag 8. juni 2011

Hagearbeid

I dag har vi hatt ein strålande fin dag med god varme i lufta. Vi har lenge hatt lyst til å fjerne det gamle epletreet som var her då vi overtok eigedomen etter besteforeldra til Svein på slutten av sekstitalet. Det blomstrar så fint om våren, men epla er det lite stas med, meir til irritasjon. Det skal få endå ein sjanse, så i dag har Svein saga det mykje ned, så får vi sjå om det er liv laga. Dette er det siste av dei gamle trea i "bestemorhagen". Elles er det alltid eit kvart som skal gjerast ute når veret er bra. Berre synd at det er så få fine dagar og at alle må nytte høvet å klyppe plen slike dagar. Som pensjonistar kan vi nyte freden tidleg på dag, så vi skal ikkje klage, men hugsar at det ofte var trasig den tida ein var i jobb og ville kose seg ute på ettermiddagane og kveldane.