onsdag 13. juli 2011

Stor byggeaktivitet på Golvsengane


Når vi har Mira i pensjon, får eg meg mange fine trimturar. I dag gjekk eg for første gong den nye gangvegen opp forbi folkehøgskulen, ein fin snarveg for skuleungdom frå Golvsengane og Myklebuståsen. Det var litt vanskeleg å ta bilde med ein hund i band, men fekk knipsa eitt i retning huset til Stein (raudt) og vestveggen av den nye kommunale barnehagen som skal takast i bruk frå komande skuleår. Det ser noko uferdig ut, men det er ein mnd. igjen til skulestart. Det er eit langt bygg i 2 etg. i skrå tomt slik at det ikkje er trapper utvendig. Barnehagen skal ha 8 avdelingar med born frå 1 - 6 år. Den erstattar eit par av dei gamle kommunale barnehagane i tillegg til at det blir nye plassar slik at vi får full barnehagedekning i kommunen. Eg får leggje inn eit skikkeleg bilde av barnehagen og byggefeltet seinare, når det meste er på plass.
Svein har slått plenen i dag og fått fin trim med det. Fint ver i dag, men sterk vestavind på ettermiddagen.

2 kommentarer:

Besta sa...

Både eg og andre utflytta eidarar likar å sjå bilde frå Eid.Det er store forandringar sidan vi flytte derifrå for nærmare 50 år sidan. Skulle vore på Eid i DAG-men så er det dette byggeprosjektet som vi må prøve å få i land mens det er opplett.

Hildegard sa...

Kjekt om de hadde tatt turen, vi held oss heime i fineveret. Var opp på gravene med nye urner med knollbegonia og blå lobelia i går. Må ta meg ein prat med Kyrkjevergen om dei kan sage ned nokre store lauvtre i vest usom mørkjer og dryss mykje lauv m.v. nær/på gravene.