tirsdag 5. juli 2011

Båtpuss

Øyvind og Kristine i småbåthamna.



Dag 2: Øyvind i fullt arbeid.

No er båten endeleg klargjort for sesongen, skulle vore gjort før, men mykje anna som måtte gjerast først og det er venteliste på slippen. I morgon blir det sjøsetjing på flo sjø. Båten vart kjøpt i 1983 på Bjerkneset v/Volda, Møring 21. Ei stor investering for oss den gongen. Svein monterte sjølv Volvo Penta motoren og ror/propell mens båten var plassert i hagen. I 2005 bytta han til ferskvanns-avkjølt motor Nogva Nanni 21HK, hadde også denne gongen båten i hagen, bringa/henta av kranbil. Har bytta kalesje eit par gonger, skulle spandert ny igjen, men får ta ting litt etter kvart. Båten ligg i småbåthamna heile året, så det blir sjølvsagt litt slitasje på kalesja, spesielt i vinterhalvåret. Det har vorte berre eit par fisketurar med Kristine til no i år på grunn av at båten var godt grodde under og på ror/propell. No håper vi på fine sommardagar som kan nytast på sjøen.

1 kommentar:

Besta sa...

Litt sværare båt enn den vi har. Denne går det no an å reise på tur i!
Eg har ofte lyst å vere med på sjøen, men båten vår "slår" slik når vi går på bølgene at ryggen min toler det ikkje.Kjekt for Svein at han får Øyvind med seg. Her har vi også "dreng" for tida.Håper de får nokre fine turar på sjøen i FINT VER.