tirsdag 21. desember 2010

Juletallerken med noko attåt.

Signe og Kåre inviterte oss på juletallerken, karamellpudding og kaffi på hotellet i ettermiddag i lag med Hilde og Oddvar. Maten smakte godt og vi hadde ei koseleg stund.
Etterpå fekk vi damene omvisning i det nye Badehuset m/trimrom, spa etc. på hotellet. Kanskje noko å prøve i kalde vintermånader?

onsdag 8. desember 2010

Gode venner.

Som kjent passer vi av og til dei to hundane i familien, Viktor og Mira.
I dag har vi hatt begge to samtidig og det har gått overaskande bra. Viktor set seg i respekt og Mira, som berre er 5 mnd. gamal, skjønar kven som er sjefen. Her koser han seg med ein gamal fotball som ho også kunne tenke seg å leike med. Mira er lett på foten og spring som ein vind ute i hagen, Viktor er tyngre i kroppen og tek det meir med ro.

søndag 5. desember 2010

Vinter

Foto frå i dag, men gamalt motiv frå ateliér-vindauget, har ikkje kome meg ut endå. Kjekt med vérbyte. Ikkje så mykje snø, men nok til at det blir lyst og triveleg ute. Besten har køyrt ein runde med snøfresaren, mest for å klargjere, trur eg. No kjem Kristine og Mira, så då blir det vel liv i hagen. Kjekt for ungane med snø når det ikkje er kaldare enn no.

onsdag 1. desember 2010

Ein merkedag for slektsforskarar

Bildet er av Olaus (Olsen Vasøen) Strøm og sonen Storm Wilhelm Strøm (f.1899).

I dag, 1. des. 2010, er ein lenge etterlengta dato for dei som steller med slektshistorie. No er Folketellinga-1910 open og gratis for alle (100 år fredingstid).
Besten har allereide funne utfyllande opplysningar om bestefaren sin, Olaus, som var fødd på Skedsmo 25.01.1852. Der var m.a. både hushjelp og sjukepleiar i husstanden hans på Skarnes i 1910. Olaus døde som kjent i 1911 berre 61 år gamal. Interessante opplysningar om syskjena til Olaus og borna deira er no tilgjengeleg. Dette blir spennande!
No blir det nok lettare å studere vidare på gamal slekt, så vi er i gang igjen! Kulden inspirerer ikkje akkurat til utandørs aktivitetar. Då er det fint å ha hobbyar som måling og slektsforsking.
Tradisjonen på slektsforsking har eg med meg frå faren min som ikkje hadde internett å støtte seg til. For han var det å skrive til Riksarkivet m.m., så det tok tid og ein måtte betale for kopiar etc. Kyrkjebøkene er også eit godt hjelpemiddel, men der kan det ofte vere vanskeleg å tyde skrift etc. Eg tykkjer det er ein fin hobby Besten har i dette, og vi har mange interessante samtaler og diskusjonar - og då er det fint å ha eit enkelt strikketøy mellom hendene.
Ein kjem til Digitalarkivet bl.a. via - www.arkivverket.no -.

lørdag 27. november 2010

Gardeball og LysVaken på laurdags-kvelden

Mykje som skjer i dag. Audny, Hilde og Ingrid er på julehandel og besøk hos Kristoffer i Ålesund. Han les til eksamen. Hans Petter skal dimme på 20-års dagen sin i desember. Denne veka har dei hatt vinter-øving ute i kulden, så verneplikta starta og slutta i sterk kulde for han. Hans toler nok godt kulden, er typen som går i shorts mesteparten av året når han er heime. I kveld er det gardeball på Oslo Plaza, det blir vel eit minne for livet, vil eg tru. I morgon er det 1. søndag i advent. Kristine skal saman med andre 5. klassingar overnatte i kyrkja i natt. LysVaken er ei feiring av kyrkja sitt nyttår.

tirsdag 23. november 2010

Lester og krim

Det har vore lite både strikking og lesing i år, veit sant å seie ikkje kva eg har brukt tida til...
No er eg endeleg ferdig med to lestepar. Det til venstre er til Kristine, strikka av Järbo-garn mellanraggi, som ho sjølv plukka ut i strikkebutikk i Måløy i sommar. Strikkemor hugsar vel den turen? Det til høgre er nattsokkar til meg sjølv, strikka av restegarn, truleg Silje. Har også kosa meg med krim-cd "Dragen" av Tom Kristensen, som var så spanande at eg berre måtte bli ferdig.

søndag 21. november 2010

Fullmåne og rimfrost

I kveldinga utfordra eg glatte vegar og tok meg ein lang spasertur. Brukte broddar, så det gjekk bra. Nydeleg fullmåne over Sagtindane og Trollenykjen, berre synd eg ikkje fekk med fjellrekkja i måneskinnet, har ikkje kamera for nattbilder.

lørdag 20. november 2010

Ingrid på premieutdeling på Mo


Bilda er henta frå FB-sida til Ingrid. Premieutdeling og møter for Sogn og Fj. Ryttarkrins på Mo i dag. Ingrid fekk 1.premie i LB-cupen dressur.

Humørfylt fredagskveld i Operaen

Amatørteateret, Teaterkompaniet Nordfjord, framfører denne helga folkekomedien "Til sæters" frå 1850 av ClausPavels Riis. I tillegg til dei 15 faste medlemmane deltek også nokre elevar frå drama- og teaterstudiet ved Høgskulen i Volda. Stykket har vore spelt på Nationaltheateret tidlegare. Toralv Maurstad er med i stykket og kona Beate Eriksen har regien. Ein del å lese i lokalavisene, kjem vel meir etter helga. Vi hadde ikkje tenkt på å gå, litt dyre bill., men då Lise ringde og spurde om vi ville gå, vart det til at vi hengde oss på. Underhaldande og kjekt. Framsyning i kveld og i morgon (søndag).

tirsdag 16. november 2010

Dagens middag?

Fiskekaker

Servert med gulrot- og purrestuing

Kjøkken: Norsk Måltidstype: Middag Vanskelighetsgrad: Middels Kategori: Tilbehør Basisvare: Fisk Tidsbruk: 0-30 minutter
Med gulrot- og purrestuing Foto: TV 2

Slik gjør du:

Best resultat blir det om alle ingrediensene er iskalde!

Skjær fisken i biter og kjør i foodprocessor med saltet.
Tilsett potetmel og krydder.
Spe først med eggene og deretter med melk og fløte til en jevn farse.
Form farsen i hånden til passe store kaker og stek i nøytral olje tilsatt litt smør.

Server med kokte poteter og for eksempel en gulrot- og purrestuing

Gulrot- og purrestuing:

Skrell og del gulrøttene i skiver / staver og kok møre i lettsaltet vann.
Purre i tynne ringer tilsettes de siste 2-3 min.
Ta vare på ca 1 dl av kokevannet.

Smelt smør rør inn hvetemel og spe med melk og kokevann fra grønnsakene.
Sausen skal være fyldig.
Kok opp og la trekke i ca 6 min.
Smak til med salt, pepper og revet muskat.
Tilsett de kokte grønnsakene og la alt bli gjennomvarmt.

Ingredienser til 4 porsjoner
Fiskekaker:
800 g hyse/kolje eller seifil
1 ss salt
2 egg
2 ss potetmel
1 ½; dl melk
1 ½; dl matfløte
pepper
1/4 ts muskat
nøytral olje + smør til steking

Gulrot- og purrestuing:
3 gulrøtter
1 purre

Saus:
;2 ½; ss smør
2 ss finhakket løk
3 ss hvetemel
3 dl melk
1 dl kokevann fra grønnsakene
salt, pepper
revet muskatnøtt
Porsjoner:

lørdag 30. oktober 2010

Bursdagsfeiring på Os

Bjørnar fylte 15 år på onsdag, men feiring med familien vart fredags kvelden. Triveleg som alltid. Det er vanskeleg å få tatt solo-bilde av Bjørnar, for han har ei eiga evne til å stikke seg vekk.. Dette bildet er frå jonsokafta i Os-vika i år. Etter mykje strev har eg fått installert Picasa3 på pcen min, er ikkje heilt fortruleg med bildebehandlinga i W7, er nok eg som er litt treig. Så no har eg endeleg fått beskjært eit bilde som B er åleine på. Tykkjer det er nokon han liknar på...

onsdag 27. oktober 2010

Gratulerer Bjørnar med 15-års dagen!

I dag har Bjørnar bursdag. Han er den siste av dei 3 konfirmant-barnebarna våre frå i vår som fyller 15 år. Feiring blir det vel først til helga, men han var innom oss i dag og fekk seg pannekaker og is då han kom frå skulen. Bjørnar har mange kameratar og er ein opptatt gut.