søndag 21. november 2010

Fullmåne og rimfrost

I kveldinga utfordra eg glatte vegar og tok meg ein lang spasertur. Brukte broddar, så det gjekk bra. Nydeleg fullmåne over Sagtindane og Trollenykjen, berre synd eg ikkje fekk med fjellrekkja i måneskinnet, har ikkje kamera for nattbilder.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, det er vakkert ute, det er berre den "dørstokkmila" som er så altfor lang for mitt vedkomande. Men sikkert lurt å skaffe seg broddar. Greitt når ein går tur, verre når ein skal inn og ut av butikkar etc.Det er ofte ein ser slike vakre motiv og så blir det ikkje akkurat som ein har tenkt seg fordi ein ikkje har godt nok kamera. Men dette bildet var no fint,då.

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at du fekk deg ein tur!