søndag 5. desember 2010

Vinter

Foto frå i dag, men gamalt motiv frå ateliér-vindauget, har ikkje kome meg ut endå. Kjekt med vérbyte. Ikkje så mykje snø, men nok til at det blir lyst og triveleg ute. Besten har køyrt ein runde med snøfresaren, mest for å klargjere, trur eg. No kjem Kristine og Mira, så då blir det vel liv i hagen. Kjekt for ungane med snø når det ikkje er kaldare enn no.

1 kommentar:

Besta sa...

Her har det lagt snø heile tida sidan 20.oktober.Ikkje mykje,rett nok, men nok til at vi har hatt det lyst og fine.Det var godt det kom litt meir, men håper vi ikkje får samme mengdene som i fjor.