
torsdag 18. desember 2008
søndag 7. desember 2008
Bursdagsfeiring i Eidsgt.


I og med at vi feira stort i Torvika i går, vart selskapet til Roger utsett til i dag. LilleMø hadde svigerfar på søndagsmiddag og vi andre i familien kom til kaffi. Eg hadde steikt dia-lappar (vi er minst 3 som må vere forsiktige med sukkeret), Strikkemor hadde med sjokoladekake og LM hadde laga kvæfjordkake, brownes og dia-gele. Ei triveleg stund, kjekt så lenge syskjenborna kan vere i lag. Etter kvart vil dei nok reise vekk på skule og jobb, så ein får setje pris på denne tida. Hestejentene var i stallen både før og etter selskapet, men fekk tid til å gje papsen sin ein bursdagklem. Damene i selskapet vart fotografert i den nostalgiske kroken. Søster Mariann var i Stavanger og feira sonen sin 30-års dag.lørdag 6. desember 2008
Gratulerer!
I morgon feirar også svigersonen vår, Roger, 47 år. Han er gift med eldste døtra vår og dei har 3 store, kjekke born, ein golden retriver + 2 hestar.
tirsdag 2. desember 2008
Bakedag
Bakedag i går, kransekaker og Ingers rugbrød. Måndag er ein fin bakedag, har som oftast ikkje andre "avtaler" då. Hadde tinging på nokre kransekaker til jul, så det vart 72 ringar, dvs. 4 kaker. Tek gjerne imot tips frå kokkene på Sunnmøre på kva eg skal bruke dei 12 eggeplommene til som eg har frose ned. Har investert i nye former, burde vore gjort for lenge sidan, lettvint med slippbelegg. Dei gamle formene må vere frå 70-talet, hugsar ikkje kor tid eg byrja med kransekakebaking, men konfirmasjonane her starta i 1980. Kakene frys eg ned, då blir dei mjuke og gode å bite i. Før i tida la dei ein brødskalk i kakeboksen for å få dei mjuke. Må vel steike nokre krumkaker også, det er nesten tradisjon i vår familie, etter farmor si tid - ho stod føre julebaksten då ungane var små - SI er alt byrja å snakke "framonde". Kakemenn og slike ting får dei kose seg med å lage i kvar sine heimar, artig for dei minste. Besten er flink å fullføre UFOane sine. Målinga er fin trening for den skada armen, tykkjer han, i og med at han no er slutta med fysioterapi. Godt det går så bra med han, i fjor vinter vart målinga spolert på grunn av at han hadde skada seg.
mandag 1. desember 2008
Advent
I går kveld var eg med LilleMø til lysmesse i kyrkja. Stemningsfull og fin stund. Konfirmantane deltok aktivt i gudstenesta med prosesjon, levande lys og tekstlesing. Eldstejenta til LM og fetteren frå Myklebuståsen, deltok i tekstlesinga saman med fleire andre konfirmantar.
Laurdag ettermiddag hadde vi uventa besøk av Lappetausa med familie. Ho hadde med ferdig middag, svineribbe med tilbehør. Dei skulle til Måløy der eldstejenta er, men fekk trøbbel med bilen, så dei møttest her i staden. Koseleg. Begge jentene hennar er vekke på skule dette året, så det var artig å treffe dei igjen. Vi fekk også middag, uventa og godt, for eg hadde tenkt å lage laurdags-graut. Strikkemor og -far med dei to minste kom til kaffi, så det vart litt sying, strikking, latter og prating utover kvelden. Mange var innom oss på laurdag, fyrst LM og hennar firbeinte venn, Viktor, så ein veteran-venn av Besten om nyleg er hjarteoperert, så SI, M og K frå Golvsengane. Søndagen var ein heller roleg dag, berre ein liten trimtur med broddar.
I dag blir det kransekake-baking i stor stil på meg, har lova bort eit par kaker til jul. Mandagane er Besten på jobb, så det høver godt. God veke!
lørdag 22. november 2008
Vinter
I dag vakna vi av snøplogen som fylte innkøyrsla vår med hardpakka snø. I og med at vi og dei fleste eigedomane har gjerde mot vegen, og vi har ei ganske breid innkøyrsle, er vi plaga med dette. Vi måtte til med handemakt for å få vekk snøen, snøfresaren klarte ikkje denne utfordringa, der snøen ligg laus, funka fresaren fint, men dette vart for tøft. Kjekt med snøfresar, men ein bør køyre den etter kvart som snøen kjem, og det kan no bli nokre turar for dag viss det snør jamnt. Av ymse grunnar vart ikkje dette gjort denne gongen og det straffa seg. Fint å vere ute i dag, fekk trimme for fleire dagar. I mørkninga var eg ute i hagen med vesleguten og veslejenta og laga snøhole. No har vi veslejenta på overnatting og det har roa seg i leiren. TV-kvelden startar med "Kvitt eller dobbelt" og "Hjarte på rette staden". God helg!
mandag 17. november 2008
Nyinvestering


I dag monterte Ole Ivar Brekke i Brekke Energi og Kraft varmepumpe i "spisestova" vår. Han er kjend for å vere flink, har aner frå Heggjabygda! Det skal bli godt å få litt stabil varme i huset og heller spe på med vedfyring når det trengs. I og med at det er oppvarming vi treng varmepumpa til, anbefalte han oss å montere den lavt, ho vart derfor plassert under vinduet. Vi kan regulere varmen til TV-stova og kjøkkenet ved å ha åpne eller stengde glassdører. fredag 7. november 2008
Hyttetur
Hadde oss eit herremåltid då vi kom heim att. Bildet viser frostskodda i Isefjorden med Gjegnen i bakgrunnen, teke med mobilkamera gjennom bilvindauget då vi kom innom Kjølsdalen. Uff og uff! Eg gløymde sjølvsagt kameraet denne gongen også - får skulde på alderen.
tirsdag 4. november 2008
November
I dag er det fint haustver etter mykje regn, vind og kulde i fleire veker. I forrige veke rydda vi litt i hagen og dekka til rosene. Fire roseknoppar såg ut til å ha overlevd kulden, så eg tok dei inn. Er spent på om dei vil folde seg meir ut enn vist på bildet. Besten tok seg ein tur på sjøen i dag og eg puslar litt i huset. Eg skal ha to "nattevakter" hjå veslejenta - far har tre nattevakter på rad og mor har innspurten (siste veka) i Førde. Start på garasjebygginga hjå sonen i går, ikkje lenge gjort å få støypt grunnmuren for fagfolk. Dagane fyk av garde, sjølv for pensjonistar, men aktiviteten er heller ikkje så stor som hjå den yngre generasjonen. Ynskjer alle ei god veke.
søndag 19. oktober 2008
Søndagstur
Møtte LillleMø, gubben og Viktor som hadde gått heilt til Movatnet. Ser på yr.no at det blir mykje dårleg vér i veka som kjem, så det var bra at vi kom oss ut ein tur i dag. Bildet viser Bakkesætervatnet frå vestsida. Hadde ikkje med kamera, måtte derfor bruke mobilen, så det vart litt "malerisk". Besten fortel at det var ved denne gamle furua dei festa båten når han og faren skulle hente ryggsekkar og utstyr når dei var på fisketur innover dalen. Dei fekk låne ei hytte i austenden av vatnet og kunne vere der eit par tre dagar i slengen. Vatnet har grodd mykje til med siv sidan den tid, men fisken "hoppa" også dag.
lørdag 11. oktober 2008
Gratulerer!
onsdag 8. oktober 2008
Vinter-ved
Haustferie (potete-ferie kalla vi det før - då ungane måtte arbeide når dei hadde fri frå skulen) betyr at Besten får hjelp til å få vinterveden i hus. I år er det Øyvind og Kvh.papen som hjelper til. Fire turar til Rognes ved Hornindalsvatnet - 4 mål ved - 2 turar i dag og 2 i morgon. Besten er litt usikker på om raude-jeepen klarer turen endå, må køyrast inn etter motoroverhalinga. Med den og hengar hadde dei klart det med 2 turar. Godt å ha minst eitt mål ved i reserve! Vi lagrar veden til LilleMø også, for dei har ikkje lagerplass anna enn til sko! Besten har ein god gamal arbeidskollega som har framifrå ved. Kjekt å treffast ein gong i året og mimre om gamle dagar. Med så mange strame gutar i familien burde vi sjølvsagt fått oss ein skogateig, men det får vi ta litt etter kvart. Fyrst må Kvernhuspapen bli ferdig med garasjen sin. Min vesle andel i dette er sjølvsagt matservering, men utan mat og drikke........
Abonner på:
Innlegg (Atom)
