tirsdag 21. februar 2012

Sol inne, sol ute, småbakst og vinterferie


Nabohuset skal visst nok vere selt no, der har vore familiebarnehage i mange år.
Nabohusa fotografert frå verandaen i 2. etg, begge bygde i si tid av Oscar og Anna Gjerde
I dag fekk vi endeleg sett sola klive Os-fjellet og skine inn i stova.
Heimelaga danske ostebollar og (amerikanske?) oreokjeks
Vi har hatt to fine dagar med Kristine. Ho fann opprskrifter på nettet, og så var det berre ha på seg forkle og leite fram ingrediensane, oreo-kjeks i går og ostebollar i dag. I dag hadde Henning bursdag og Elin kom utover. Ho var her med oss og kosa seg med gudbarnet sitt før det var selskap på Os. Henning hadde bedt både fadderar, slekt og naboar, så det vart ei koseleg stund. Eg fekk ikkje tatt bilde av han, men reknar med at Hilde har nokre blinkskudd. Han var ein utruleg vert med bl.a. underhaldande felles presangåpning.
Truleg finaste veret i vinterferien i dag, no regnar det igjen.

søndag 19. februar 2012

Februarsnø

Fastelavenssøndag og nysnø i dag, og det har snøa mest heile dagen. Eg hadde håpa på at vi skulle få eit glimt av sola i dag, men måtte ta til takke med lysare, skya himmel over Os-gjølet. Besten har vore ute med snøfresaren to gonger i dag. Eg tok meg ein lang trimtur med broddar i kveldinga. Litt skummelt med islag under snøen.

onsdag 8. februar 2012

Gode veninner!

Kort skuledag på onsdager, og i dag ringde Kristine og spurde om ho kunne ta med tre veninner etter skulen. Det vart pannekaker, kunst, lekser og litt uteleik. Desse jentene kjenner kvarandre godt heilt frå barnehagetida.

torsdag 2. februar 2012

Juvikfolket



Vinters tid er det fint å ha ei lydbok å lytte til. Den seinare tid er det meste krim-bøker det har gått i, men litt variasjon er nok bra, så no eg er nett ferdig med Linn Ullmann si siste bok "Det dyrebare", ei litt spesiell, men interessant bok. No har eg lyst å prøve meg på dei gamle klassikarane som eg las i gymnastida. Det vart Duun og Juvikfolket, så no har eg underhaldning lenge.

søndag 22. januar 2012

Januar

Det er endå tre veker til vi får sola, og i dag var det så vakkert vér at vi måtte ta oss ein biltur for å nyte nokre solglimt. Det var då naturleg å leggje turen ut til Stårheim og tenne lys på mor og far si grav i og med at mor hadde vore 92 år i dag. Stårheimsbygda viste seg frå si beste side i dag.

onsdag 28. desember 2011

Jul, storm/orkan/mørklegging m.v.

Om kvelden/natt til 2. juledag opplevde vi, som så mange andre på Nord-Vestlandet, ein av dei hardaste stormane i løpet av dei siste 30 åra. Hardast gjekk det ut over Sjøgata, Almenninga og Hola. Vi slapp med skrekken og uhyggja, minna frå natta til den 1. jan 1992 vart levande igjen. Den gongen såg også deler av sentrum ut som ei krigssone. Mange har vore utan straum og telefonsamband i fleire dagar. Hos oss kom lyset igjen ca kl 10.30 2. juledag, så vi var heldige.
I og med at vi måtte ha levande lys i fleire rom, og då helst ein trygg lysestake, fann eg denne langt inne i eit skåp. Dei som har levd ei stund hugsar vel kor tid denne lysestaken kom i butikkane. Eg hugsar at den vart utseld i butikkane og eg var heldig som fekk kjøpe den på Statoil til jul.
1) Er det nokon som hugsar årstalet den kom i salg?
Etter at den vart brukt i ein komi-TV-serie, vart det litt "flaut" å bruke denne lysestaken, og mange kvitta seg med den.
2) Er det nokon som hugsar kva TV-serie?

søndag 18. desember 2011

4. søndag i advent

Fint å stå opp til nysnø i dag tidleg. No har brøytebilen vore her og Besten er ute og fresar. Fredag hadde vi ein fin tur til Ørsta og Ålesund, var heldige med veret. Vi fekk med ca 5 kg ferdigmalen seifarse frå storfiskaren + litt seifilet (har igjen filet frå sendinga i okt). Steikte halvparten av farsen i går, i tillegg til krumkaker av ferdig deig i kjøleskåpet. Har steikt resten av seikakene i dag, fint å ha ferdig middag i frysaren. Eg bruka oppskrifta til Lars Barmen i "Norsk mat", enkel og grei. Steikt løk/paprika m.m. kan ein eventuelt servere som tilbehør, lettare å få ungdomen til å ete fiskekaker då, trur eg. I kveld er det familie-selskap for Hans Petter som vart 21 år i går. Utruleg at det er eitt år sidan han var ferdig med militærtenesta.

søndag 4. desember 2011

2. søndag i advent


Julebordsesongen er i full gang og overnattings-gjesten vår, Henning, vekte meg i åtte-tida, så då var det berre å stå opp til ein mørk, og vindfull søndagsmorgon. Det har kome litt snø i løpet av natta og no skiftar det mellom regn og snø. Godt å få lagt i omnen og få i gang kaffitraktaren. Vi har allereide spela 2 omgangar med ludo, og no er vesleguten på 7 år i full gang å slå Besten i sjakk. Trur det er storebror, Hans, som har lært han sjakk.
Ørsta-Besta bloggar av og til om store tre som stenger for utsikta. Her hos oss er det ikkje så mykje utsikt, men det kan vere trasig med høge tre som stenger for sola. I går var Skogryddaren hos naboen og saga ned nokre granliknande tre som hadde vakse seg altfor høge. Det vart lysare i hagen vår også, sjølv om sola for lengst er borte for vinteren.

mandag 28. november 2011

Greinkutter og lester



Besten, og til dels eg, har jobba litt ute tidleg på dag, men no regnar det trollkjerringar igjen. Tre av naboane våre har skifta tak på husa sine i haust. Det har nok vore ein tøff jobb med regn, litt kulde, sleipt og glatt, men det har heldigvis gått bra, og den siste ser ut til å bli ferdig i dag. Besten kosar seg med kompostkverna under tak i hagestova, som no er rydda til arbeidsstove for vinteren. I og med at vi har fleire frukttre og 2 hekkar i hagen, har vi i fleire år tenkt å kjøpe slik kvern. No var det eit godt tilbod på Biltema, kr 1.999,-, så vi sukka til. 1. advent i går, så vi må vel byrja å vente snø. I ledige stunder har eg bl.a. strikka på eit lestepar til ein vaksen kar som treng å halde seg varm på føttene. Kjekt og enkelt å strikke striper, slepp telling og målband.

lørdag 26. november 2011

Snartur til Bergen





Onsdag-torsdag var vi ein snartur til Bergen. Vi parkerte i By-garasjen og hadde kort veg bort til hotell Grand Terminus, bestilt via hotell.no. Vi fekk eit stort, flott rom i gamal stil med utsikt mot jernbanestasjonen til kr 1.232,-. Stort flott bad med badekar var der også, så det var berre å kose seg. Grand Terminus er eit gamalt ærverdig hotell frå 1928 som er tatt godt vare på. Eg har budd der nokre gonger på 70-80-90-tallet når eg var på møte/kurs i DNB. Vi fekk treffe barnebarnet vårt, Stig og kjærasten Renate, som begge studerer i Bergen. Dei hadde ikkje høve til å kome heim og feire 70-årsdagen til Besten i oktober, så vi tok ei attepå feiring i lag med dei på EGON Kjøttbasarene, ein kjempetøff restaurant/pub som berre må opplevast. Veret var dårleg, men det var kjekt med ein tur før vinteren set inn for fullt. Godt å vere vel heime før stormen Berit byrja å herje som verst.

søndag 20. november 2011

Teater-oppleving

Undset


Søndag 20. november kl 19.00


Undset Horn_Jo_Michael_1 WEB”En stor prestasjon. En sjelden opplevelse. En vakker forestilling.”

Pressa jubla, turneen var utseld, og Nationaltheatret blei fylt til randen. Ellen Horn si framstilling av Sigrid Undset blei ein suksess. Publikum fekk ikkje nok, dei ville sjå framsyninga på nytt. Etter eit utal oppmodingar har Ellen Horn difor sagt ja til ein ny turné. Du kan glede deg!

Året er 1945. Undset kjem heim frå USA. Norge er i fredsrus, men Sigrid er sliten. Ho har opplevd dramatiske år som flyktning og mista to av borna sine. Tyskarane har rasert heimen hennar, og ho veit ikkje om ho skal pakke ut.

UNDSET er ei scenisk og visuell framstilling av dei viktigaste hendingane i Sigrid Undset sitt liv med musikk av Ketil Bjørnstad.

Framsyninga er til no sett av 40 000 publikummarar.

”Formidabelt” Dagbladet
”Glimrende” Aftenposten
”Imponerende” VG
”En kraftprestasjon” Adresseavisen
”Denne forestillingen bør man ikke gå glipp av!” GD

Med Ellen Horn.

UNDSET hadde urpremiere i 2002. Av Otto Homlung og Tine Thomassen. Regi: Otto Homlung. Scenografi/ kostymedesign: Bård Thorbjørnsen. Musikk: Ketil Bjørnstad. Lysdesign Espen Solum. Produksjon av projeksjoner Knut Solhaug. Maskedesign Helge Bjørnå.

XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX

Kommentar frå Eidabesta:

Riksteateret med Ellen Horn som Sigrid Undset i Operahuset i kveld, ei fantastisk forestilling. Eg var i koseleg selskap med Hilde og Signe.


onsdag 16. november 2011

Nyinvestering


Besten har lenge hatt bruk for eit nytt fiskehjul til båten sin, så pengegåver til 70-årsdagen vart sett av til dette formålet. Han har leita i butikkar og på internett etter fiskehjul til god kvalitet/pris, og kom til at Agdars Sportsfiske i Trondheim hadde beste tilbodet. Ula Fiskehjul ligg også ute på Finn.no, kr 2.190,- + frakt, totalt 2.289,-. I dag var han på postkontoret og henta pakken. Med ny båtkalesje og nytt fiskehjul er det vel håp om at det kan vanke litt fersk fisk av og til. Er det ikkje noko som heiter at "det er håp i hengande snøre"?