tirsdag 21. februar 2012

Sol inne, sol ute, småbakst og vinterferie


Nabohuset skal visst nok vere selt no, der har vore familiebarnehage i mange år.
Nabohusa fotografert frå verandaen i 2. etg, begge bygde i si tid av Oscar og Anna Gjerde
I dag fekk vi endeleg sett sola klive Os-fjellet og skine inn i stova.
Heimelaga danske ostebollar og (amerikanske?) oreokjeks
Vi har hatt to fine dagar med Kristine. Ho fann opprskrifter på nettet, og så var det berre ha på seg forkle og leite fram ingrediensane, oreo-kjeks i går og ostebollar i dag. I dag hadde Henning bursdag og Elin kom utover. Ho var her med oss og kosa seg med gudbarnet sitt før det var selskap på Os. Henning hadde bedt både fadderar, slekt og naboar, så det vart ei koseleg stund. Eg fekk ikkje tatt bilde av han, men reknar med at Hilde har nokre blinkskudd. Han var ein utruleg vert med bl.a. underhaldande felles presangåpning.
Truleg finaste veret i vinterferien i dag, no regnar det igjen.

1 kommentar:

Besta sa...

Kjekt å sjå at de har fått sola. Kan trøste deg med at i år har heller ikkje vi sett mykje til den.
Kjekt også å sjå utsikta frå altanen.