søndag 26. februar 2012

Føremiddagstur


Søndagsturen gjekk "som vanleg" gjennom Malakof, fredeleg og fint turområde for oss pensjonistar. Plassens Venner, der Oddvar er ein av eldsjelene, er i full gang å rydde etter uværet som har vore på ettervinteren. Eit svanepar gjekk inn for landing og kosa seg på elva. Vi fekk ein kopp te og kvilde ryggen hos Oserane før vi snudde nasen heim att. Dei var nett komne attende etter ein sykkeltur med Henning til solsida.

1 kommentar:

Besta sa...

Koselig med bilde frå Eid. Har ikkje vandra i Malakoff sidan mamma levde, men til sommaren MÅ det bli. Takk for orientering om Madame Butterfly, eg lanserte programmet då eg las opp årsmeldinga.