søndag 4. mars 2012

Sesongopning

I går, laurdag, hadde vi ein fin tur ut til Nesje og sjekka at alt var greitt til påskeferien. Vinter-stormane hadde ikkje gjort noko skade, heldigvis. Tidleg vår ute ved kysten. Kristine og veninna, Hilde, var med på turen. Vi provianterte hos Kiwi i Deknepollen før vi tok ferja til Oldeide, nytta også høvet og fekk fylt på ferjekortet for dette året. Vi jentene gjekk tur til fyret og prata med eit par naboar mens Besten ordna ting ved hytta. Vi skræmde opp to ørner ute ved fyret, litt av eit syn då dei tok av og flaug sørover mot "Ørneberget". Heimturen gjekk over Davik, kjekt å kome ut til havet igjen.

1 kommentar:

Besta sa...

Våren er den finaste tida ved kysten, og mars kan vere ein veldig fin månad ved havet. Kjekt at ikkje stormen hadde øydelagt noko der ute. Her hos oss kunne det trenst fleire slike stormar, her er altfor mykje tre, men mange stader er dei i ferd med å rydde vekk skog.