lørdag 14. august 2010

Laurdagstur


I dag var det så fint vér at vi tok oss ein tur og besøkte Elin, Jostein, Audhild og Tinka på hytta på Heida. Nydeleg utsikt mot Gjegnen, dalen og ned mot fjorden. Eg hadde ikkje med kameraet, så dette er mobil-bilder frå ein velbrukt mobiltlf. som snart må utskiftast. Takk for ei koseleg kaffistund. På heimturen var vi nedom Sjøsætra. Både kyr, sauer og hestar på beite i marka. Vi køyrde utover Stårheimsmyrane og såg at Asle R og Lene er komne langt med huset sitt. Ein liten tur innom kyrkjegarden vart det også før vi snudde nasen heimover. Då vi kom heim var det plenklipping i mange hagar, så besten tok seg like godt ein runde med plenklipparen, kjekt å få slå når graset er tørt.

mandag 9. august 2010

Helgatur over fjellet

Biristrand Camping - resepsjonen:
Nokre av veteranbilane på campingen:
Grilling på odden:
Leidulf var grillmeister for Nordfjord-benken.
Barnebarnet,Vilde og veterankompis Per var tilskodarar:
Hytte nr. 11 og 12 - nye med bad og wc - Svein og Per på balkongen:
Utsikt over Mjøsa mot Lillehammer:
Gåve frå Hildegunn for transport av bagasje som dei ikkje hadde plass til på heimturen.
Dei var innom og henta den i dag og hadde med sjølvlaga bukett frå hagen sin i Innvik.

Denne helga har vi vore til Biri på veteranbil-treff. Stort marked på Biri travbane på laurdagen, grilling, konkurransar og premieutdeling på Biristrand camping om kvelden for den engelske Albion-klubben. Vi køyrde gamle Strynefjellsvegen nedover og Valdresflya - tunnelane heim att i går kveld. Kjedeleg at vi ikkje fekk vere med på selskapet til OK på laurdags kvelden på Os. I dag hadde vi visitt av veteran-venner frå innfjorden som vi hadde tatt med bagasje for. God plass i den gamle Mondeoen vår - og vi hadde ikkje shoppa store ting...

onsdag 4. august 2010

Bad - steg 2

I dag har vi hatt rørleggar og fått montert doen, så no slepp vi å springe opp eller ned trappene. Ein del finish manglar endå. Møblane er snart klar for montering etter fleire strøk måling - gjenbruk av Espe-møblar, god kvalitet. Kjekt å vaske kle i den nye heilautomatiske maskina. Den gamle halvautomatiske Zanussien har stått i 2. etg heile tida sidan vi kjøpte den i 1996. Har slite ut to slike maskiner + eit par til. Mange år sidan eg hadde tørketrommel, så det er luksus, men kjem nok til å bruke den berre til handdukar etc. så lenge straumen er så dyr...
Det er alltid eit kvart som må kostast. No var det nytt eksosanlegg, bakre del på Mondeoen som måtte skiftast. Litt rust her og der som Besten jobbar med - ny EU kontroll til neste sommar. Tenkte vi skulle unngå å skifte bil til då. Bilen er god nok til vårt bruk, men 15 år er no ein bra alder.

onsdag 28. juli 2010

Litt av kvart i juli.








Den nye vaske/tørkeavdelinga er klar på badet. Vi har prøvd at det fungerar med skøyteledning, ventar på elektrikar og rørleggar for å bli heilt ferdige. Møblane er nesten ferdig pussa og malt. Hadde meg ei lita hagevandring i dag. Gledeleg at nokre av rosetrea kom seg føre etter den harde vinteren. Har sprøyta med heimelaga lusemiddel iflg. Grønn glede 2010 - Rosebed - NRK Nettv. Hekken klypte Øyvind i går (også på den andre sida hos våre nye landsmenn). Vi sit mykje i hagestova og Svein har laga ei blomsterhylle som skjermar litt innsyn frå vegen i vest der det er mykje trafikk både av bilar og folk.
TV-skåpet er ferdig med måleri på begge sider av døra. Verandaen er fin på føremiddagane og til soling, vestavinden tek litt der. Det gamle plommetreet som skjermar for verandaen er frodig og fint, pynta litt med stemorsblomster då stammen er litt lang og naken.

fredag 16. juli 2010

Panoramavegen


Panoramavegen i dag med våre venner frå Asker. Fint køyrever. Vi var nedom Hopland og såg på den gamle kyrkja og den spesielle kyrkjegarden der, vidare opp til Vangen skisenter. Vi hadde håpa på å få kjøpe mat der, men inga servering i dag. Vi reiste derfor til Stryn og kjøpte middag på Isehaug kafeteria. Deretter heim att for å følgje med på Landsfestivalen NM i gammaldansmusikk som skjer denne helga på Nordfjordeid.

søndag 11. juli 2010

Litt av kvart



For dei bloggarane som er interessert i kva vi driv med:
Slik ser WC, dusj og vaskerom ut pr. dags dato. Alt er klart for måling på våtromsstrie/membran på wc/dusj-veggane og flislegging golv på ferdig underlag.
I avdelinga heilt til høgre har vi fått montert ein stålvask og vi skal kjøpe ny vaskemaskin og tørketrommel (i etasje) som skal stå der.
Svein har tatt ned skåper/vask på motsatt side og har pussa og malt, så dei skal vi montere opp igjen. Må nytte det røropplegget vi har.
Veggane er som før, baderomspanelet har halde seg utruleg godt.
Trur det skal bli eit romsleg og godt pensjonist wc-bad-vaskerom.
Våtromsfagmannen er rundt om kring og jobbar, men har lova å gjere seg ferdig snart - kanskje i morgon?
Tidleg på 80-talet gjekk det ein dansk TV-serie som heitte "TV i teltet". Vi var på campingtur med Lillebror-hengar/fortelt og kjøpte eit lite sv/hv TV som vi hadde i teltet. Vi besøkte våre gode venner i Danmark, og dei hadde stor moro av oss. Ja det var den tid, det.
Som de ser har Svein montert TV i hagestova (litt harry? ikkje ferdig endå). Vi hadde eit lite TV-apparat av gamlesorten ståande som ikkje var i bruk, så han fann ut at han måtte nytte det til noko fornuftig....
Petunia og lobelia i verandakassene er ganske trivelege no.

fredag 9. juli 2010

Kveldstur via Plassen og Hærmuseet

"Malakoff Rock Festival Arena":

Brulagd sti frå 2. verdskrig:

Amfiet/festplassen for 17. mai og andre arrangement.

Eit populært turområde i sentrum av N.eid, like ved Eidselva. Fleire restaurerte bygningar frå gamal tid då det var eksersisplass i området. Bak Valhall er der grus- og grasbane for fotball og diverse aktivitetar. Treningsområde for hundeklubben. Jektehola ligg nede ved elva, fint for grilling og bading.

fredag 25. juni 2010

Storfint besøk i regnveret.

Besøk av Helene og Don, Ingrid og Wendy i dag i regnveret. Wendy hadde mista ein sko på sommarbeite på Skibenes, så Ingrid ville ikkje ri henne før ho hadde vore til "skomakaren".
I morgon er det reise med hestane til Stall Schilbred ved Kristiansund for ei veke leiropphald. Audny har tatt lappen for hestehengar og skal køyre. Roger er medhjelpar og god støtte både for ryttarar og sjåfør. Dei skal reise i lag med ei venninne og faren hennar som også skal køyre hestehengar. Får håpe det går fint. Lukke til!

Gratulerer med bryllaupsdagen den 27. juni!



I dag har Hilde og Oddvar 23 års bryllaupsdag. Gratulerer med dagen!
Begge døtrene våre gifta seg på prestekontoret i Prestegaren på N.eid. Fekk lyst å legge til foto av Audny og Roger som gifta seg i pinsa året etter. Dei bodde då på Ås og Kristoffer var berre 5 veker gamal.
Svein kommenterer bilda på sin måte:
På første bildet står brudeparet på gamletrappa, året etter er det ny trapp og rekkverk. Han sat ofte på den gamle trappa og prata med presten Løvold då dei bodde i paktarhuset i Prestegarden under krigen. Ottar, yngste sonen til presten, var fadder på han.
Olaug kan vel skrive meir om dette?

torsdag 24. juni 2010

Jonsok

I år var vi heldige med veret, så det var triveleg å vere i Os-fjøra og feire jonsok. Strikkefar hadde som vanleg gjort alt i stand til vi kom. Etter kvart som barnebarna veks til, er det vanskeleg å samle alle som i "gamle dagar", men vi er no ein bra flokk likevel. Vi sakna også gamlefolket på Os som er på besøk hos slekt på Aust- og Sørlandet. Viktor kosa seg og symde etter pinnar som dei yngste kasta til han. Også kjekt å vere inne naustet for dei minste.

mandag 21. juni 2010

SOMMAR


Eit typisk sommarteikn er når Besten hentar militær-jeepen, som er vinterlagra i låven hjå Strikkefar. Det har alltid vore stas for borneborna å vere med å køyre open bil. I går var det Kristine som var med på flyttelasset, ei aktiv jente som likar både å mekke og snikkere. Besten er stolt eigar av 3 jeepar, ein 1995 modell Cherokee, ein 1942 modell Willys MB og ein 1958 modell Willys Overland, som han har bygd om til stepside (tidlegare brannbil i Eid). Begge veteran-jeepane har han restaurert og hatt mykje arbeid med.

tirsdag 1. juni 2010



Sist søndag gjekk vi tur gjennom Malakoff på veg bort til Os. Området mellom Valhall og hotellet er no rydda opp og sådd plen. Fløyen til høgre på hotellet er ny. Selskapslokale/kurs- og konferanse-salar i 2. etg. (vi var der i konf. til Ingrid og Lars i fjor). Kjellaretg. er nettopp ferdig. Der er trimrom, massasjerom, symjebasseng, spa etc. + fint beplanta uteareale. Eg gløymde å ta bilde av "Sørgende mor". Det var så fint pynta ved statua med vakre blomar. Eit fint og nært turområde for oss som bur i flata.