lørdag 14. august 2010

Laurdagstur


I dag var det så fint vér at vi tok oss ein tur og besøkte Elin, Jostein, Audhild og Tinka på hytta på Heida. Nydeleg utsikt mot Gjegnen, dalen og ned mot fjorden. Eg hadde ikkje med kameraet, så dette er mobil-bilder frå ein velbrukt mobiltlf. som snart må utskiftast. Takk for ei koseleg kaffistund. På heimturen var vi nedom Sjøsætra. Både kyr, sauer og hestar på beite i marka. Vi køyrde utover Stårheimsmyrane og såg at Asle R og Lene er komne langt med huset sitt. Ein liten tur innom kyrkjegarden vart det også før vi snudde nasen heimover. Då vi kom heim var det plenklipping i mange hagar, så besten tok seg like godt ein runde med plenklipparen, kjekt å få slå når graset er tørt.

1 kommentar:

Besta sa...

Det er herlig å komme seg ut i naturen slike dagar. Eg kom meg ikkje lenger enn ut på altanen, og med det samme eg hadde lagt meg ned med lydbok, starta naboen opp grasklipparen..........Men det var no varmt og fint i alle fall.