lørdag 28. august 2010

Så godt som ferdig.

Ja no kan vi vel seie oss ferdige med restaureringa av badet - etter 4 mnd. rot. Besten monterte ny persienne og gardinstang i dag, så vi kan dusje usjenert. Artig at vi kunne ha gjenbruk av innredninga - Solveig har tidlegare kommentert dei grøne (oliven) vaskane som ho hugsa. Stor stas for jentene våre då badet stod ferdig på slutten av 70-talet. Badekaret i same farge måtte vekk for å gjere plass til klevaskeavdelinga.

6 kommentarer:

solveig sa...

Badet er flott no, men du veit at på 70-talet var badet noko heilt spesielt. På 60-talet var der dei som ikkje hadde bad. Så to vaskar var luksus. No har vel dei fleste familiar to bad?

Besta sa...

Gratulerer med fint oppussa bad.
Det er litt av ein jobb og få alt i orden, og gått å få vaskerom på samme tid.
Då vi pussa opp for mange år sidan, måtte vi kjøpe ny vask fordi vi skifta innreiing. Eg må medgi at eg saknar badekaret, men vi har så lite bad at der var ikkje plass til både kabinett og kar.Den tid vi bygde var bada små.Og vi har berre eitt bad!

Hildegard sa...

Sjeldan vi har brukt badekaret, men kjekt når ein har småungar som kan bade. I nøden har vi eitt i 2dre etg., men det er greitt nok med dusj. Besta skulle vel hatt eit skikkeleg massasjebad?

Besta sa...

Har tilbudet når eg er hos Rasmus, men har ikkje tort meg oppi. Der er det reine sjø-stormen når ein set på alle dysene.Eg saknar å bløyte meg skikkelig opp av og til.
Og så saknar eg karet når dei små er på besøk. Vebjørn er IKKJE glad i å dusje.

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at de har fått innreiinga på plass! Hugsa at det var stor stas med to vaskar på slutten av 70-talet.
Sjølv har vi berre eit bad, og det er for lite til ein familie på seks ( i våre dagar). Men det viktigaste er no å ha ein ekstra wc.

solveig sa...

WC med vask, må no vere greit som det eine badet!