mandag 9. august 2010

Helgatur over fjellet

Biristrand Camping - resepsjonen:
Nokre av veteranbilane på campingen:
Grilling på odden:
Leidulf var grillmeister for Nordfjord-benken.
Barnebarnet,Vilde og veterankompis Per var tilskodarar:
Hytte nr. 11 og 12 - nye med bad og wc - Svein og Per på balkongen:
Utsikt over Mjøsa mot Lillehammer:
Gåve frå Hildegunn for transport av bagasje som dei ikkje hadde plass til på heimturen.
Dei var innom og henta den i dag og hadde med sjølvlaga bukett frå hagen sin i Innvik.

Denne helga har vi vore til Biri på veteranbil-treff. Stort marked på Biri travbane på laurdagen, grilling, konkurransar og premieutdeling på Biristrand camping om kvelden for den engelske Albion-klubben. Vi køyrde gamle Strynefjellsvegen nedover og Valdresflya - tunnelane heim att i går kveld. Kjedeleg at vi ikkje fekk vere med på selskapet til OK på laurdags kvelden på Os. I dag hadde vi visitt av veteran-venner frå innfjorden som vi hadde tatt med bagasje for. God plass i den gamle Mondeoen vår - og vi hadde ikkje shoppa store ting...

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ser kjekt ut! Ja, dokke var sakna i selskapet på laurdag. Men sånn er det å ha bursdag om sommaren. Hyttene ser kjempestore ut, sikkert flott å overnatte der.

Besta sa...

Hadde ikkje sett denne roportasjen før de var her. Såg veldig koselig ut.