fredag 16. juli 2010

Panoramavegen


Panoramavegen i dag med våre venner frå Asker. Fint køyrever. Vi var nedom Hopland og såg på den gamle kyrkja og den spesielle kyrkjegarden der, vidare opp til Vangen skisenter. Vi hadde håpa på å få kjøpe mat der, men inga servering i dag. Vi reiste derfor til Stryn og kjøpte middag på Isehaug kafeteria. Deretter heim att for å følgje med på Landsfestivalen NM i gammaldansmusikk som skjer denne helga på Nordfjordeid.

1 kommentar:

Besta sa...

Vi køyrde den vegen i fjor, og var også ned til Hopland. Naboen vår er delvis oppvaksen i bygda (dvs budde der i 4 år), der far hennar var lærar og klokkar.