onsdag 21. mai 2008

Tidleg morgentur

Statue av "Sørgende mor" på Plassen.
Minnesmerke over falne i 2. verdenskrig.
Os-gjølet oppe til venstre.

Eidabesten ved Jektehola/Vaskeplassen.
Mykje brukt parkanlegg for picnik, bading m.v.

I dag køyrde vi Mondeoen bort til Eid Motor i Øyane for å få oljeskift. Spaserte vidare langs Oselva - Plassen - Hærmuseet - Vaskeplassen - Småbåthamna. Stille og fredeleg og masse fuglekvitter, Olaug! Las innlegget ditt i Møre-Nytt, interessant. Merkeleg at småfuglane ikkje trivast i fuglekassene lenger. Kanskje på grunn av klimaendringane? Dyr og fuglar er nok meir vare for dette enn oss i og med at dei lever i takt med naturen.

mandag 19. mai 2008

Blåmandag

Stille på bloggane no når Lappetausa er låk i handledda etter alle blokkene m.m. og Strikkemor har dataproblem. LilleMø har vel ikkje kome seg etter rideturen ned frå Fossane? Litt fælt å seie det, men vi er vel også litt lei god mat og kaker etter 3 helgar på rad! Etter all jobbinga og baking + stell av bunader, kviteskjorter, dressar m.m. er det vel godt å berre gje seg over og slappe av etter arbeidstid? Kaldt ute, berre 8 grader uff og uff - endå ein god grunn til å ta det med ro. Eidabesten køyrde smågutar til fotballkamp i Hornindal i dag - kjekt å kunne vere til nytte med dette også. Eg pusla litt i hagen og tok eit ferskt bilde av epleblomsten her. Veret skal betre seg til helga, vert det sagt. Elles anbefaler eg alle å gå inn på bloggen til Besta og sjå vervarslinga der! God veke! Eidabesta

mandag 12. mai 2008

Konfirmasjon ØYVIND


Det gjekk fint med kaffibesøket i Alleen, ca. 60 gjestar med smått og stort. Heldigvis betra veret seg på ettermiddagen, slik at gjestane også fekk vere ute. Elles dekka vi i begge etg., og dei minste fann vegen heilt på leike-loftet - litt "ulovleg" - trappa er bratt, men det gjekk også bra.
Mykje gode og varierte kaker frå fam. og vener + vertsskapet M og S + lekre smørbrød som Lappetausa Elin hadde laga mens vi var på hotellet. Mitt bidrag var flette-loffen som eg er byrja å få "taket" på + kransekaka. Besten hadde måla hagemøblar og reparert verandatrappa + mykje meir! Reknar med at det kjem fleire bilder på bloggane etter kvart. Desse er av konfirmanten m/fadderane, Hilde, Oddvar, Gunnar og Anne Grete + to gode gutar på kvar sitt køyretøy.

mandag 28. april 2008

Lester til Ingrid

No er lestene til Ingrid også ferdige. Ser kanskje litt rare ut på bildet,
men er heilt normale i virkelegheita, må visst få meg nytt kamera.
FagStrikk er eit godt og sterkt garn å strikke lester av.

Søndagskos

Medan strikkemor og strikkefar var på sætra, var vesle-guten hjå
besta og besten. Her prøver kusina å overtale fetteren til å sykle
medan ho sit bakpå og støttar. Besten passar på i bakgrunnen.

tirsdag 22. april 2008

Heimekos


Gubben og eg hadde ei fin helg på hytta og fekk "lade batteria", første turen i år. Herleg å kunne sitje ute i fineveret og sjå ut mot fyret og havet, strikke, lese, slumre og berre dovne seg. Eg har hatt ei litt trasig forkjøling, så eg gjekk glipp av noko av fineveret vi har hatt tidlegare. I dag (byrja i går kveld) har lisjejenta hatt spysykja og måtte vere heime frå skulen. Har vore hjå oss i dag, far har nattevakter og mor jobbar dagvakter. Kom seg utover dagen, fekk "Amanda spesial" - Solo og fine rundstykker. Det vart bakedag på meg, 3 stk Ingers grovbrød og 36 kanel-snurrar.

lørdag 19. april 2008

Lester til Helene

Er nett ferdig med første lesteparet av FagStrikk-tråden eg kjøpte hjå Reidun på Eid Miljø. Heste-/ride-jenta Helene treng sterke lester i stall-skoa, så denne gongen var det ho som var den heldige. Kjekt å ha eit leste-strikketøy for hand, lett å ta med seg og eit nyttig plagg å gje bort. Eg er godt i gang med neste par som Ingrid skal få. Kristine har fått to lestepar tidlegare i år, så eg føler meg som ei skikkeleg leste-strikke-bestemor.

onsdag 9. april 2008

Barnehagedagen


I går var det årets barnehagedag. I Henning sin barnehage hadde dei invitert alle besteforeldra, evnt. foreldre, tanter/onklar til eit koseleg føremiddags-treff. Farmor og mormor møtte opp kl 10.30 og var der i 2 timar. Vesleguten tykte det var stas. Først var det litt forming, puslespel m.v. , deretter fortalde avd. leiaren om kva dei gjorde om dagane og borna song og spela teater (geitekillingen som kunne telle til 10). Etterpå åt vi lunsj i lag med borna, grovbrød m/pålegg, melk og kaffi. Ungane smør på maten sjølve til lunsj, det blir ei rolegare matøkt på den måten, vart det sagt. Veldig triveleg stund. På bilda er det farmor og Henning som klarer eit komplisert puslespel perfekt etter litt hjelp av bh.ass.

onsdag 2. april 2008

Vår

I går og i dag har vi hatt nydeleg ver, sterk kontrast til sist eg skreiv i bloggen. Gjekk tur med mor på Eldretunet i går - ho likar godt å kome seg ut når det er fint ver. I dag hadde eg "fri-ettermiddag", sat ute og las ferdig ei bok eg fekk låne av Lappetausa, "Sommer 2005" av Tove Nilsen, lett og god bok, har ikkje lese noko av henne tidlegare, men ser at ho har skrive mange bøker. I morgen blir det truleg sommardekk og litt hagearbeid viss gubben vil. Han er så smått byrja på eit måleri igjen, og det er nok ikkje lenge til det blir fersk fisk i huset no når det blir varmare i veret. Eg har jobba ein del med scanning av gamle fotografi av både mi og gubben si familie. Legg ved eit artig bilde av Ørsta-besta, Synnøve, Toralf og Alfred for nokre 10-år sidan.
Har lurt på om eg skal sende det til Fjordabladet under "Gamle fotografi"?

mandag 17. mars 2008

Påske

Før palmesøndag hadde vi nokre fine dagar, no laurdag sat eg på verandaen og strikka, varmt og fint vårver. I dag vakna eg til duren frå snøplogen og Svein måtte ut og frese i porten. Foto frå målarstova.
Eid Miljø (i gamle skofabrikken i sentrum) v/Reidunn Strand er vel verd eit besøk. Vi er jamgamle, men ho er frå sør-sida av Eidsfjorden og eg frå nord-sida, så vi møttes først på Framhaldsskulen og seinare Realskulen. Etter at eg vart pensjonist, har eg tatt opp att hobbyen med strikking. Var innom butikken til Reidunn ein dag og vart freista av eit rimeleg og sterkt sokkegarn, Fagstrikk, kr 20,- pr. nyste. Reknar med at eg har arbeid ei stund framover; har ikkje same farta som Strikkemor. Flettekorga er arv frå bestemor til Svein i Innvik.

søndag 2. mars 2008

Lesekos

I dag vart eg ferdig med bibliotek-boka "Hjem" av AKE, har lese dei tre siste bøkene hennar i løpet av siste halvåret, trur eg er ferdig med denne forfattaren - viss ho ikkje kjem med nye bøker då. Denne boka var artig å lese fordi eg kjende meg så godt igjen frå min eigen barn- og ungdom på gard i 50-åra. Mange minner som eg hadde gløymt, dukka fram igjen. Skal på biblioteket i morgon, trur eg må låne ei lydbok no, mannen kjøpte meg bærbar CD-spelar på Europris i går - billeg. Kjekt med batteri for då kan eg bruke den på hytta. Elles var eg på Mammut-salg fredag og kjøpte "Drageløperen" som blir neste lese-prosjekt.