Er nett ferdig med første lesteparet av FagStrikk-tråden eg kjøpte hjå Reidun på Eid Miljø. Heste-/ride-jenta Helene treng sterke lester i stall-skoa, så denne gongen var det ho som var den heldige. Kjekt å ha eit leste-strikketøy for hand, lett å ta med seg og eit nyttig plagg å gje bort. Eg er godt i gang med neste par som Ingrid skal få. Kristine har fått to lestepar tidlegare i år, så eg føler meg som ei skikkeleg leste-strikke-bestemor.
2 kommentarer:
Veit ikkje kor mange lestepar eg strikka før det sa stopp. Kjekt er det i alle fall å ha slike småarbeid å knipe borti. Eg blir heilt misunnelig! Fine lester var det også.
Fine lestar!
Legg inn en kommentar