mandag 12. mai 2008

Konfirmasjon ØYVIND


Det gjekk fint med kaffibesøket i Alleen, ca. 60 gjestar med smått og stort. Heldigvis betra veret seg på ettermiddagen, slik at gjestane også fekk vere ute. Elles dekka vi i begge etg., og dei minste fann vegen heilt på leike-loftet - litt "ulovleg" - trappa er bratt, men det gjekk også bra.
Mykje gode og varierte kaker frå fam. og vener + vertsskapet M og S + lekre smørbrød som Lappetausa Elin hadde laga mens vi var på hotellet. Mitt bidrag var flette-loffen som eg er byrja å få "taket" på + kransekaka. Besten hadde måla hagemøblar og reparert verandatrappa + mykje meir! Reknar med at det kjem fleire bilder på bloggane etter kvart. Desse er av konfirmanten m/fadderane, Hilde, Oddvar, Gunnar og Anne Grete + to gode gutar på kvar sitt køyretøy.

1 kommentar:

Besta sa...

Gratulerer med vel overstått konfirmasjon!
Skal seie de må ha svinga dykk rundt når de hadde så mange gjestar heime.
Stilig konfirmant og flotte fadderar.
Her var det skikkelig surt og kaldt f.m., men det vart fint utover dagen.
Den loftstrappa har eg ikkje gode erfaringar med!