torsdag 24. juli 2014
Varmebølgje i juli
Henning og pappa på båttur ned elva og ut til Os-vika sist søndag. Vi andre tok bil, og hadde nokre fine timar der ute med bading og kaffikos. HP symde tur/retur til Os-vika, og såg på det som behageleg trening i sommarvarmen.
Etter eit par dagar med etterlengta regn i forrige veke, skein det opp akkurat til Malakoff Rock Festival sist fredag. Sidan har det vore syden-varme kvar dag. Svein fekk båten på sjøen før festivalhelga etter å ha vore på slipp for reingjering og botnsmørjing. Det har vore fint i båthamna med yrande badeliv både ved elvebredda, utanfor moloen og i Os-vika. Folk har bada og kosa seg langs heile Strandgt./sentrumsvika. N.eid har eit flott sentrum med kort veg til butikkar, kafêar m.m. og sjø/elv. Måndag reiste vi på hytta og kom inn att i går kveld. Meir behageleg temperatur ved havet, men varmt der også. Vi fekk slege plen og rydda litt på tomta i tillegg til full avslapping. Godt å kvile ut og ha det stilt og fredeleg etter festivalhelg med mykje støy og yrande folkeliv.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ja, det er fint alle stader når veret er så godt. Men det er frå Eid eg har dei finaste sommarminna om bading frå moloen og i Osvika. Eg skriv mykje om at eg går kledd i sid bukse, det er fordi eg må smørje både hofta og kneet med smertestillande gele, og då toler ikkje huda sol på dei stadene.I dag hadde eg tenkt å bade i tights, men så var det ikkje så varmt på badeplassen.
Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!
An Thái Sơn chia sẻ trẻ sơ sinh nằm nôi điện có tốt không hay võng điện có tốt không và giải đáp cục điện đưa võng giá bao nhiêu cũng như địa chỉ bán máy đưa võng ở đâu uy tín.
Legg inn en kommentar