lørdag 26. november 2011

Snartur til Bergen





Onsdag-torsdag var vi ein snartur til Bergen. Vi parkerte i By-garasjen og hadde kort veg bort til hotell Grand Terminus, bestilt via hotell.no. Vi fekk eit stort, flott rom i gamal stil med utsikt mot jernbanestasjonen til kr 1.232,-. Stort flott bad med badekar var der også, så det var berre å kose seg. Grand Terminus er eit gamalt ærverdig hotell frå 1928 som er tatt godt vare på. Eg har budd der nokre gonger på 70-80-90-tallet når eg var på møte/kurs i DNB. Vi fekk treffe barnebarnet vårt, Stig og kjærasten Renate, som begge studerer i Bergen. Dei hadde ikkje høve til å kome heim og feire 70-årsdagen til Besten i oktober, så vi tok ei attepå feiring i lag med dei på EGON Kjøttbasarene, ein kjempetøff restaurant/pub som berre må opplevast. Veret var dårleg, men det var kjekt med ein tur før vinteren set inn for fullt. Godt å vere vel heime før stormen Berit byrja å herje som verst.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ja, godt at de var heime før uveret. Kjekt å unne seg litt luksus av og til, med både hotell og restaurant.

solveig sa...

Stemmer i med mor mi der!

Elin sa...

Kjekt at ein har vit å kose seg!