onsdag 16. november 2011

Nyinvestering


Besten har lenge hatt bruk for eit nytt fiskehjul til båten sin, så pengegåver til 70-årsdagen vart sett av til dette formålet. Han har leita i butikkar og på internett etter fiskehjul til god kvalitet/pris, og kom til at Agdars Sportsfiske i Trondheim hadde beste tilbodet. Ula Fiskehjul ligg også ute på Finn.no, kr 2.190,- + frakt, totalt 2.289,-. I dag var han på postkontoret og henta pakken. Med ny båtkalesje og nytt fiskehjul er det vel håp om at det kan vanke litt fersk fisk av og til. Er det ikkje noko som heiter at "det er håp i hengande snøre"?

2 kommentarer:

Besta sa...

Nils seier at det var der handla også. Han seier vidare at Svein må få seg ein svenskepilk på 750 gram +gummimakkar.Nils hjelper gjerne til med å lage til utstyret.

Hildegard sa...

Takk for tilbodet, Svein tek kontakt når han har fått sjekka kva han har av fiskeutstyr.