tirsdag 21. september 2010

September-tur til England

Slottet i Beaulieu. Denne bilen er mykje lik den Svein restaurerer i garasjen.Litt av bil-utstillingsplassen m/bilmuseet i bakgrunnen.

Plassen framfor inngangen til dei romerske bada i Bath. Der ligg også ei flott kyrkje (Abby).

Inne i det romerske badehuset i Bath.

Kanalbåtar i Bath.

Hesten i Randers.

Randers hotell frå 1850-talet.

Snart heime. Premieutdeling for spørjekonkurransen på turen.

M/S SuperSpeed (Color Line). Båtferga vi følgde tur/retur Larvik/Hirtshals.
Har ikkje bilde av båtferga til England, Dana Sirena (DFDS TOR LINE). Såg meir ut som ein lastebåt med lugarar.

Kommentar:
Vi køyrde heimafrå tysdag 7. sept. i middagstider, slappa av nokre timar hos venner i Asker før vi gjekk på bussen i Drammen kl 05.00 onsdag morgon. Bilferge Larvik-Hirtshals kl 08.00, framme ca. kl 12.00. Fin båt med taxfree og god mat. Buss til Esbjerg der båten gjekk kl 18.45 mot Harwich nord for London. Ikkje taxfree på denne båten, men god mat og gode lugarar. Vi kosta på oss litt ekstra med vindus-lugar på dekk 6.
(Det går p.t. ikkje båt/ferge mellom Norge og England, noko som er heilt ubegripeleg. For nokre år sidan hadde vi to turar mellom Kristiansand og Newcastle. Då var vi i York, Whitby og "Aidensfield" og bussa ned til Sør-England.)
Vi var framme i England torsdag middag og bussa vidare til Bournemounth ved sør-kysten, framme i 5-tida på ettermiddagen torsdag. Fin tur gjennom New Forest til Westbourne. Vi vart innlosjert på små bed-and-breakfast hotell - eit kapittel for seg -, vi har hatt same hotellet 3 gonger på rad og er godt kjende med vertsskapet.
Fredag hadde vi ein fin tur til Portsmount og fekk omvisning på HMS Warrior frå 1860 - damp-segl-krigsskip og segl-/krigsskipet HMS Viktory til admiral Horatio Nelson. Vi har vore der tidlegare, stort museumsområde i hamna, "The National Museum of the Royal Navy". www.historicdockyard.co.uk.
Laurdag tok Svein og eg lokalbussen til kystbyen Pool, gjekk i butikkar, kjøpte oss middag og slappa av.
Søndag var det veteran-dag på marknaden i Beaulieu. Det er åttande gongen vi er på denne turen, så vi er godt kjende i området. Der er ein gamal landsby med eit stort slott, kyrkje- og kloster-ruiner, bil-museum, flott park med store eiketre og eit stort område med salgsboder og bilutstilling på markene rundt slottet.
Måndag var det "blåtur" for alle til Bath mot kysten i vest, vakker natur og store, fine gardsbruk. Vi tok ein guida busstur gjennom byen. Ei stor oppleving å få sjå utgravingane/dei gamle romerske bada. Forfattaren Jane Austen budde 5 år i denne byen og minnast ved eit eige Centre/Museum.
Tysdag var fridag og vi tok lokalbussen ned til Bournemounth sentrum ved sjøen. Ein fin by med ein nydeleg park og lang badestrand m/hundrevis av badehus.
Onsdag starta heimturen, same rute som framover. Torsdag overnatta vi i det gamle, ærverdige hotellet i Randers i Danmark.
Heime natt til laurdag.

3 kommentarer:

Besta sa...

Er litt misunnelig på desse turane. Har aldri vore i England. Som du seier er det utrulig at det ikkje går båt frå Norge til England. Det var nokre år det gikk båt frå Ålesund til Newcastle(?)-men det kan ikkje ha lønt seg, for det vart slutt. Sikkert kjekt å vere på nokre av dei same stadane fleire gonger og på den måten bli skikkelig godt kjende.

Elin sa...

Takk for kjekt referat! Håpar de held koken til eg blir pensjonist, så kan eg få vere med....

solveig sa...

Det er vel fly som tel for tida. Eg har heller aldri vore i England. Kunne godt tenkt meg ei rundreise. I vinterferien skal vil til London, så det er ein begynnelse.