onsdag 1. september 2010

Onsdagstur


Fin trimtur i Fladalen både måndag og i dag, vi må trene litt til vi skal til England, for då blir det mykje trakking på veteran-marknaden i Beaulieu og elles.
Første bildet viser utsikta mot Bakkesætra i Fladalen (Stigedalen). Den nye store hytta til Moen ruvar godt i landskapet. Hytta til Emil Os (sjef i Canal Digital) lengst borte i åssida, har fin utsikt over vatnet.
Det andre bildet viser Sagesætra. Der er ein fin liten foss og eit lite sagbruk som er restaurert. Bildet av saga er tatt for nokre år sidan, kanskje om våren i og med at elva er stor. Besten har måla dette motivet, trur eg må ta eit haustbilde også. (bilda bør forstørrast).
Kraftledninga skjemmer diverre mykje innover dalen.
Bomveg, og det går fint å køyre bil inn til Movatnet sommars tid.

2 kommentarer:

Besta sa...

Utrulig kor Bakkesetervatnet gror att!! I gamle dagar, før vegen kom, gjekk vi berre til vatnet og så rodde vi fram til setra. Mange år sidan eg har vore i traktene, men når eg ser kor fin veg der er, blir eg frista til å fare. Eg har aldri vore lenger inn enn til Sagesetra. Var der eit par gonger då rektoren vår hadde hytte attmed vegen til Bakkesetra. (Heilt til høgre i bildet). Trur han har selt hytta att.

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at de kom dykk på tur i dag!