torsdag 26. november 2009

Thanksgiving Day

I dag feirar amerikanerane m/fl. Thanksgiving, ein årleg tradisjon sidan 1621 - den fjerde torsdagen i nov. Opprinnelsen til feiringa var at ei gruppe innvandrarar ville takke indianarane for at dei hadde hjelpt dei å overleve etter mykje strabaser og elendighet og laga til fest for dei. Ein kan bl.a. lese om dette på Wikipedia. Kalkun-middag er tradisjon denne dagen.
På TV i dag har Wenche laga "gubberøre", som er ein svensk sildesalat, og det har vore testa juleøl. Utruleg at vi skal feire første søndag i advent denne helga. Dagane er våte, korte og mørke, nesten slik at eg lengtar til våren alt no!
Men noko godt er det vel med mørketida også, Eidabesten er byrja å måle bilder igjen og han er i full gang med slektsforskninga - no på morssida. Elles mekkar han på den gamle veteran-motorsykkelen i kjellaren.
I dag er det "Open dag" på Eldretunet, der oldemor bur, så eg skal ein tur opp dit og ta lodd på alle dei fine heimelaga gevinstane. I kveld skal vi på julekonsert i Operaen med
Elisabeth Andreassen og Rein Alexander.

3 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at du minner oss om Thanksgiving og opphavet til dagen.Ja, det vart ei forandring på veret, mørkt nesten heile dagen no.Men eg ønsker meg ikkje snø før nærmare jul.Skulle ha vore ein tur nedover, men eg er smufsete og forkjøla. Trur ikkje det er noko "alvorleg". Hels til Astrid.

Elin sa...

Helse så mykje på "tunet", ta eit lodd på meg og då...
Skal fortelje elevane mine om Thanksgiving no siste timen. Eg går og veg for og imot vaksina, har time kl. 3, er lett forkjøla, men føler meg elles pigg. Eg tek ho berre for Aron si skuld.

solveig sa...

Vi vart minte på Thanksgiving i går då Obama benåda ein kalkun som skikken er der. Om Bush vert det sagt at han benåda åtte(?) kalkunar, men ingen folk!