I går kveld var det lysmesse i kyrkja. Konfirmantane deltok med lysbæring, tekstlesing og song. Som kjent har vi tre barnebarn som er konfirmantar til våren. Helene var med både i koret og tekstlesinga. Litt spesielt var det denne gongen med nattverd - der dei av konfirmantane som ville kunne delta - noko dei fleste gjorde. Stemningsfullt og fint.
Prest Kristin, som er ung og nyutdanna og konfirmantlærar Marius styrde det heile.
Laurdag var det tenning av julegrana, så no er vi i gang....
I dag er det slektsforskning og kjellarjobbing på besten og brødbaking på meg. Lette snøfnugg i lufta, så det blir vel lysare kveldar - så lenge det varer.
Den firearma lysestaken har Eidabesten laga for mange år sidan. Mor og far hadde han så lenge dei var på Smia. Denne gongen hadde eg berre kvite ubrukte lys, skal vel vere lilla?
3 kommentarer:
Det er vel helst barnebarna som får oss "gamle" ut av godstolen. Vi skal truleg på ballettframsyning komande laurdag. Lysestaken er veldig fin. På Amfi har dei ein "butikk" med amatørarbeid til sals, der var også smijernstakar. Eg brukar kvite lys i adventstaken, men har lilla løper under.
Veldig fin adventsstake!
Fin adventsstake, og fargen er visst heilt moderne!
Legg inn en kommentar