lørdag 1. august 2009

Malakoff og Norway Cup



Ein aktiv og til dels travel juli mnd i storfamilien. Fleire av dei unge var engasjert i Malakoff Rock Festival - enten med dugnad eller som publikum. Denne veka var det Norway Cup der vi hadde eit barnebarn på 16 år som deltok. Stort tosiders foto i Fjordabladet, så eg fekk ikkje med alle på det scanna bildet, men Øyvind S og Lars K er der i lag med to kjendisar, John Ertzgaard og Andreas Thorkildsen. Kristine, som var heime med besten og besta, fekk trenings-ball frå NC turneringa av mor og far som også tok seg ein Oslo-tur.
I dag har det vore fint vér, så vi tok oss ein tur i Stigedalen. Stor aktivitet der også, folk på mange av hyttene, mange bilar på vegen - i tillegg til kyr og sauer. Vi gjekk inn til Sage-sætra, der det er ein fin benk å kvile seg på før heimturen!

1 kommentar:

Besta sa...

Fint at K. er på beina igjen. Ingen andre som er smitta? Har ikkje høyrt om nokon her enno.Fint med turar i Stigedalen. Vi gjekk turar over alt før, lange turar, det er noko eg saknar fælt.Men det er vel noko eg må finne meg i?God helg!