Eitt av Besten sine motto er at "når ein bur på Vestlandet, må ein ha mange tak ein kan opphalde seg under"! I garasjen er det mørkt og trist sommars dag, så nyaste prosjektet er uteplassen i hagen som han no har lagt lysplater over. Lampettar er montert tidlegare, så no manglar berre radioen og eit par måleri på veggen! I og med at vi ofte har besøk av hunden, Viktor, som likar best å vere ute, er det fint å ha eit tett tak å opphalde seg under. No kan barne-/ hunde-passarar og røykjarar sitje trygt og godt, sjølv om det regnar ein skvett. Solid og godt byggverk, står trygt om det blir nokre vindkuler også. Tidlegare har vi slite ut eit par party-telt på grunn av vind og regn. Hekkane er nyklypte med god hjelp av HP, så no er det litt måling og vøling på huset som står for tur.
Framleis god sommar til slekt og venner, tek gjerne imot besøk!
2 kommentarer:
Kjempefin uteplass. Kan fortelje at veninna mi i Fredrikstad har både oppvarming og flatskjerm på sin uteplass, som er eit atrium mellom fleire hus. Men der nede er det vel fleire utedagar/kveldar enn her.
Nils og eg er her mest åleine, og då er vi på altanen.
Fin uteplass til varme og våte dagar som i dag. Greit å sleppe å ta ut og inn puter og stolar.
Elles er det greit å smule ute, då kan småfuglane rydde.....
Legg inn en kommentar