![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEg-6_0Z0pKEyj2ptqPxxtla-wBjJYU1sW2Z5dDeHDfRlbgT7Vb6EiMo0BzqZ4kbg3If-jdI6ZHBnrFkT8jLkgr5HCLK8nFrauC-l5EBLticEtGIvX1Dej2Fn3rfFwZfug7sBUN87b8-CIw/s400/kamera+046.jpg)
Utsikt frå hytta.
Langhelg på hytta ved havet. Laurdag hadde vi 45 års bryllaupsdag, feira den stille og roleg med god mat og drikke. Sola gjekk i havet kl 23.35 - alltid eit vakkert syn. Vakker solnedgang i går kveld også - etter torevér, lyn og regn.
2 kommentarer:
Så bra at de fekk oppleve ei slik fin helg på hytta!
Lappetausa.
Her er det berre Nils som kjem i nærleiken av salt sjø.Eg har ikkje vore ut av tunet på snart ei veke. Det er varmt her på Vallabøen slika dagar.Eg orkar ikkje å vere i sola heile tida, så eg held meg inne i periodar. Men fint er det.
Legg inn en kommentar