lørdag 20. juni 2009

Gratulerer Lappetausa!

Gratulerer veslesysta med dagen i går! Etter at eg byrja å scanne gamle bilder frå albuma til mor, er det blitt mykje mimring. Stor dag då vi fekk ei veslesyste (attepåklatt) i 1955. Vi var storesystrer og barnejenter på 8 og 10 år og storebror på 12 - til og med på pappa sin 37 års-dag! På bildet er du vel 2 - 3 år. Du har på deg strikkakjole og strikkajakke - kanskje tante Bergljot som hadde strikka?

1 kommentar:

Elin sa...

Eg var no ganske søt då, så ikkje så rart at eg blei grundig bortskjemd, eller?