I dag hadde vi oss ein fin tur ut til havet, hadde sjekka véret på yr.no. Tok ferga over til Isane i ti-tida. Det vart berre finare og mildare til lenger utover vi kom, vakker sol og roleg hav. Alt stod bra til med hytta trass i sterk storm, regn og kulde i okt. Vi snakka litt med Bjarne som fortalde at det hadde vore eit fæla vér. Var ein tur i Kalvågen og kjøpte frossen lettsalta torsk i 5 kg kartongar til frysaren, billegare enn i fiskedisken på Mega og god kvalitet.
Hadde oss eit herremåltid då vi kom heim att. Bildet viser frostskodda i Isefjorden med Gjegnen i bakgrunnen, teke med mobilkamera gjennom bilvindauget då vi kom innom Kjølsdalen. Uff og uff! Eg gløymde sjølvsagt kameraet denne gongen også - får skulde på alderen.
2 kommentarer:
Misunner alle som reiser ut mot havet.Eg har søkt på ei sittepute på hjelpemiddelsentralen. Viss eg får den, kan det bli lettare å ta bilturar.
I dag fekk ikkje Nils noko i garna, men Harald har fått mykje fisk i sjøen ved Bjørnaset.I Høydalen innafor Bjørnaset er det fint å ta ut båt, så Nils må kanskje inn dit.Fisk er veldig godt!
Eg fann ikkje noko gale med klokka?..
Har laga til slik at dokke får kommentarane på mail og. H.
Legg inn en kommentar