Som de ser har eg endra bloggen min frå vår- til haust-fargar. Headingen er utsikt frå hytta vår. I går var eg til Førde på Mammografi. Besten hadde ikkje høve til å vere med, skal vere vikarlærar 2 dg. i veka på EVG, men eg hadde kjekt reisefølgje av Strikkemor og veslegut. Vi var innom Biltema, SparKjøp og handelshusa i sentrum. Utruleg mykje varer å sjå på. Kjøpte bl.a. ei salatslynge som eg har ønska meg ei stund. Vi kosa oss med biffsnadder på Napoleon, men angra litt då dama ved nabobordet kjøpte torsk m/tilbehør. Kan anbefale denne kafeen i 3dje etg. v/gangbrua.  Vi tok ein svipp bort til Lappetausa på heimvegen. Ho venta oss med kaffi og vafler.  Lappefar hadde lagt i omnen så vi hadde ei "uneleg" stund. Bildet er frå Byrkjelo, like før Våtedalen. Snø på toppane - eit sikkert haustteikn.














