Minnesmerke over falne i 2. verdenskrig.
Os-gjølet oppe til venstre.
Eidabesten ved Jektehola/Vaskeplassen.
Mykje brukt parkanlegg for picnik, bading m.v.
I dag køyrde vi Mondeoen bort til Eid Motor i Øyane for å få oljeskift. Spaserte vidare langs Oselva - Plassen - Hærmuseet - Vaskeplassen - Småbåthamna. Stille og fredeleg og masse fuglekvitter, Olaug! Las innlegget ditt i Møre-Nytt, interessant. Merkeleg at småfuglane ikkje trivast i fuglekassene lenger. Kanskje på grunn av klimaendringane? Dyr og fuglar er nok meir vare for dette enn oss i og med at dei lever i takt med naturen.
3 kommentarer:
For ein nydelig tur dette må ha vore! Før eg vart så elendig, gjekk Nils og eg tur på alle skogsvegar og stigar som fanst, ikkje noko eg saknar meir enn desse turane.Og tenk å fått gått tur langs Oselva ! Kven veit, det kan skje!Om fuglesaka har eg skrive på ein mail.
Mange er engasjert i dette spørsmålet, faktisk.
Fin føremiddagstur dette! Det er kjekt at du er så ivreg å blogge for tida! Hilde
Ventar spent på fine Bremanger-bilder..., men slektsforskaren har vel mykje å ta igjen! Strikkemor(o)
Legg inn en kommentar