mandag 19. mai 2008
Blåmandag
Stille på bloggane no når Lappetausa er låk i handledda etter alle blokkene m.m. og Strikkemor har dataproblem. LilleMø har vel ikkje kome seg etter rideturen ned frå Fossane? Litt fælt å seie det, men vi er vel også litt lei god mat og kaker etter 3 helgar på rad! Etter all jobbinga og baking + stell av bunader, kviteskjorter, dressar m.m. er det vel godt å berre gje seg over og slappe av etter arbeidstid? Kaldt ute, berre 8 grader uff og uff - endå ein god grunn til å ta det med ro. Eidabesten køyrde smågutar til fotballkamp i Hornindal i dag - kjekt å kunne vere til nytte med dette også. Eg pusla litt i hagen og tok eit ferskt bilde av epleblomsten her. Veret skal betre seg til helga, vert det sagt. Elles anbefaler eg alle å gå inn på bloggen til Besta og sjå vervarslinga der! God veke! Eidabesta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Ja, de må no gjerne slappe av når de kan. Her har det vore veldig slpt heilt sidan Ingeborg sin konfirmasjon.Alle på Bjørnaset har vore sjuke, kvar sin gong, så dei har vi ikkje sett. Eg går på trening to gonger i veka, dei andre dagane går med til å komme seg til att. Eg skuldar på veret!Delvis.
Legg inn en kommentar