søndag 2. mars 2008

Lesekos

I dag vart eg ferdig med bibliotek-boka "Hjem" av AKE, har lese dei tre siste bøkene hennar i løpet av siste halvåret, trur eg er ferdig med denne forfattaren - viss ho ikkje kjem med nye bøker då. Denne boka var artig å lese fordi eg kjende meg så godt igjen frå min eigen barn- og ungdom på gard i 50-åra. Mange minner som eg hadde gløymt, dukka fram igjen. Skal på biblioteket i morgon, trur eg må låne ei lydbok no, mannen kjøpte meg bærbar CD-spelar på Europris i går - billeg. Kjekt med batteri for då kan eg bruke den på hytta. Elles var eg på Mammut-salg fredag og kjøpte "Drageløperen" som blir neste lese-prosjekt.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har slite ut opp til fleire "Walk-men"- men har hatt stor glede av dei. Eg brukar oppladbare batteri, så treng eg ikkje få dårleg samvit om eg somnar midt i plata.Legg meg med Walkmanen nin kvar kveld.
Har lese begge dei to bøkene du nemner.Drageløperen har gått på kinoen her no.

Elin sa...

Finn fram lommeduken til Drakeløparen..
Fint at du får lese litt, men å kopiere svigerinna og gå til sengs med walkmannen...betenkjeleg!

solveig sa...

Eg las Dregeløparen litt før "alle andre" og synest den var noko heilt annleis. No har vi hatt leseprosjekt på skulen, og mange har lese denne, sikkert fordi dei finn den heime. Eg var vikar og sa eg var litt betenkt, kanskje den er litt for fæl for dykk 8. klassingar. Eg ville garantert ha kasta meg over den hadde ein lærar sagt det til meg i den alderen. No ser eg dei har begynt på "Tusen strålende soler". Vellukka prosjekt!