torsdag 28. februar 2008

Sjølvkomponerte seikaker

I dag laga eg seikaker av avskjær frå seien på tysdag. Gjorde det lettvint, brukte hurtigmixaren på Kenwooden. Det går bra når ein lagar små porsjonar i gongen. Mjølk, egg, løk, fisk, mjøl, salt og pepar - enkelt og greitt. Steikt i margarin/olje - servert med raspa gulrot, lettrøme, rødbetar, surra løk og poteter. Nam -nam.

4 kommentarer:

Elin sa...

Tenkjer det var ingen sure miner denne gongen. Raspa gulrøter veit alle kva er...Høyrest godt ut med heimelaga fiskekaker! I dag blei det mager supa her...

Besta sa...

Dette frista meg!
Har laga fiskekaker etter same oppskrifta i årevis, og var lei heile kakene. På tide å fornye seg? Når eg berre får tak i fisk igjen! Elles er fiskekakene absolutt best før dei har vore i frysaren, men ein må lage når ein HAR fisk.

STRIKKEMOR(O) sa...

Nam, nam...dette såg sunt og godt ut!

solveig sa...

Skukkeleg god mat med akkurat det tilbehøret eg "må ha"!