mandag 12. mai 2014

På gamle tomter




Biltur på Panoramavegen i dag i vakkert vêr - og avstikkar opp til Robjørgane (Røberg) der Mattis Isakson (Røberg) Skåden, oldefar til Svein, var i frå.  Mange hytter i området, fint naturlandskap og vakker utsikt. Isak kom frå kystbygda Gangeskar i Selje kommune.  Det måtte ha vore litt av ein overgang å flytte opp til Øvre Røberg, lang og bratt veg opp frå Nordfjorden. Dei to husa/hyttene på bildet stod på gamle husmurar, kan det ha vore her han Mattis vaks opp?   

lørdag 10. mai 2014

Verdens Aktivitetsdag 10. mai.








Eid Pensjonistlag og Eid Eldreråd arrangerte tur til Løken Aktivitetsgard på Løkja som blir driven av Anne-Karin Løken og Tone Kristin Smørdal. Omvisning i fjøset og rundt om på garden. Kaffi, sveler og fin musikk av Jon Inge og Dagfinn. Hesteskokasting og "sprette-pinn" m.m., og trimtur på Løkjavegen.  Vi fekk også omvisning i Fellesfjøsen på Løkja. Betasuppe og orientering av Runar Haugland, rådgjevar i Tine. Ein kjekk dag i vakkert vårvêr. 

tirsdag 22. april 2014

Solnedgang ved Nesje fyrlykt 1. påskedag.




Solnedgang kl 21.30 1. påskedag:




Fiskebåt på veg inn fjorden forbi Grotlesanden:


Fin tur til hytta siste to dagane i påska, vindstille og varmt 1. påskedag, så Kristine og eg gjekk på foto-safari til "Sjåberget".  Ho har skikkeleg kamera og klikka i veg, men eg tok nokre bilder eg også med mitt vesle kamera og mobilen.  Det var litt "havgang" med flotte bølgjer/brenningar som slo mot skjæra og berget.  Det såg ut til å bli ein fin solnedgang, så vi gjekk tilbake til berget om kvelden og venta på at sola skulle gå i havet. Dei to dagane gjekk altfor fort med lesing og utekos.
Kristine spelar fotball for Eid IL og handball for Stårheim IL - litt artig det siste, i og med at både mor og farmor er ekte stårheimarar, men vi har busett oss på N.eid.

søndag 13. april 2014

God påske!


Kosekroken i utestova er klar, men det har vore ein kald og utriveleg palmesøndag, berre 5-6 plussgrader og regn, så vi har fyrt i omnen og halde oss innadørs.  Tidleg i april hadde vi nokre fine dagar, trudde nesten våren var komen, då.  YR melder varmare og finare vêr frå fredag, så kanskje det blir ei fin avslutning på påska.  Vi som er pensjonistar, skal vel ikkje klage på veret, kan nyte dei fine dagane når dei kjem.  Vi får trøste oss med at "Aprils kulde, gir bondens løer fulle", kanskje ikkje heilt rett sitert?  Ønskjer alle ei riktig god påske!

tirsdag 1. april 2014

1. april 2014




I dag tok vi ein ettermiddagstur til Harpefossen - Remmedalen - Stårheim i fineveret. Køyrde også eit stykke utover den nye skogsvegen i Myrold-fjellet, som går frå Remmedals-vegen og vestover. Den ligg høgt og fritt, fantastisk utsikt, perfekt trim- og tur-veg. Vi ser "Smia" og Hafsås, og over til Haugstad på andre sida av fjorden.

søndag 9. mars 2014

Gratulerer Ingrid med 20 årsdagen i dag!


Litt vemodig at eldstejenta no er blitt 20 år. Ho flytta heimanfrå sist haust, kjøpte leilegheit på Kongsberg i lag med kjærasten, Trygve, og er byrja på lærarutdanninga på Høgskulen i Drammen.
Hesten, Fabiano, er på Stall-K i Kongsberg og dei har ein dalamantiner-hund "på fôr", så dei har litt av kvart å stelle med. På bildet er systra, Helene, på haust-besøk og tek video av Ingrid til hest.

lørdag 8. mars 2014

Kvinnedagen


http://www.fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famID=392713&frontFamID=84279


lørdag 28. desember 2013

Desember 2013


Bildet er tatt med mobilkameraet mitt på Torgalmenningen i Bergen ein regnvåt desemberdag i år. Eg hadde eit ærend til Bergen og Svein var sjåfør.  Fin tur nedover, men utriveleg vêr heim att.  Vi budde sentralt på Bristol og fekk god frukost i Egon-restaurenten som ligg vegg i vegg med hotellet. Det kjekke med turen var at vi fekk treffe dei tre barnebarn-studentane våre + kjærestar.  Vi var på "Matbørsen" i Frescohallen (tidl DNB) og hadde "julebord" i lag med dei.  Det var også kjekt å sjå kor fint det var pynta i sentrum.
Hausten og førjulsvinteren har gått fort.  Vi fekk fjerna granhekken mot naboen i samband med at han skulle byggje seg garasje.  Det var ein lettelse, har vore eit trasig arbeid å halde den strigla og fin.  No fekk både vi og naboen betre plass å parkere bilar m.m.
Den 13. des. var vi invitert på hotellet på juletallerken med Signe og Kåre. Dette er blitt tradisjon og vi kosar oss i lag og har mykje å prate om i og med at vi har fire felles barnebarn.
Julekvelden var vi i år hjå Audny og familien i Eidsgt.  Første juledag var heile gjengen (17) her i Alleen på middag.  Andre juledag var vi på Golvsengane hjå Stein Inge og familien på lutefiskmiddag. I kveld skal vi til Hilde og familien på Os på kalkunmiddag, og i morgon blir det Minestroneparty i Eidsgt.  Nyttårsafta på kvelden, har det vore tradisjon å feire på Golvsengane, kombinert med Magnus sin bursdag 1. januar.  Fint å sjå rakettane frå nordsida av dalen/fjorden.
Vi er heldige som har alle så nær, kjekt å feire julehøgtida i lag med familien.
Eg har vore lite aktiv på bloggen siste året og det blir nok berre sporadisk også i 2014.
Godt nytt år!


søndag 13. oktober 2013

"Den siste rose" i oktober.



Eg klarte å "redde" nokre rose-knuppar ved garasjeveggen før siste frostnatt.  I går kveld fyrde vi i kjøkkenomnen for første gong i haust. No har vi sol frå kl 12 til 17 ca, ikkje lenge til ho forlet oss for godt dette året. Vi har hatt nokre fine dagar no i helga. Det er litt vemodig at det er slutt på ein sommar som vel ikkje har vore av dei beste. Likevel tykkjer vi det er fint å feriere i "eige land" om sommaren og har hatt fleire kjekke turar i år.  Då vi var i jobb og var avhengige av fellesferien på verftet, der Svein jobba, hadde vi mange utanlandsturar med bil i ferien. Mange gode minner frå bilturane med borna i Sverige, Danmark og nedover i Europa, men den gongen var vi unge og spreke...Ein blir rolegare med åra, og når vi bur i eit så bra land som Norge, får ein gjere det beste ut av det. Vinterveden er i hus, mange gode tilbod på TV og vi har litt av kvart å sysle med innadørs, så det går nok bra denne vinteren også.

lørdag 12. oktober 2013

Haust-tur "Over Brekka".


I dag kom Stein Inge og henta Mira som vi har hatt i pensjon i ni dagar mens dei har vore i Tyrkia på haustferie.  Nydelelg haustvêr, så vi tok ein tur "over Brekka" frå Hjelmelandsdalen og ned til Bjørkedalen. Nytta høvet og tok ein del bilder som kan vere motiv for Svein når han skal måle bilder til vinteren. Dette fjellet er vel kjent for dei fleste. Elles er det operatider på Nordfjordeid, operetta "Flaggermusen" i år + balletten "Nøtteknekkeren", siste helga no. I tillegg er det Valkyriemesse i Valhall og opera-kunst-utstilling i Gamlebanken.

mandag 30. september 2013

September


Dette bildet er tatt frå Os-brua sist veke med Doro-kameraet på mobilen. No er sola på hell på Os og snart her i Alleen. Vi må berre belage oss på 4 mnd. utan sol og satse på mykje innekos.  Veden er i hus, fekk ny leverandør i år, ein tidlegare kollega av Svein som har småbruk m/vedaskog og jobbar med ved som pensjonist.
I byrjinga av mnd. fekk vi vere med å feire diamantbryllaupet til Signe og Kåre, svigerforeldra til Hilde. Det var storfeiring på Fjordly på Bryggja i vakkert vêr.
Denne mnd. har det også vore Stortingsval som enda med "Ikkje-sosialistisk-fleirtall". I dag har dei meldt frå om at det blir "To-parti-regjering" mellom Høgre og Frp, med støtte frå Venstre og Krf. Det går nok mot spanande tider i Stortinget dei neste åra. Tilbakemeldingane frå utlandet er at dei ikkje skjønar at vi vrakar Jens, som har styrt landet så bra i krisetider. Tida får vise...
Vi gleder oss over at Elin har fått gode tilbakemeldingar på prøvene etter ein tøff vinter,vår og sommar med kreftdiagnose, operasjon, cellegiftbehandling m.v. 
No går vi inn i siste kvartal av dette året. Tykkjer at dette året har gått så altfor fort, snart er det jul...

tirsdag 27. august 2013

Nye tider


I går fekk vi fjerna granhekken mot naboen i aust. Mykje arbeid med ein slik hekk og han var byrja å vekse oss "over haudet". Det var populært å plante denne typen hekk av Siktagran for 40  år sidan. Det vart litt rart, og vi føler oss litt ribba no, men må berre venje oss til at det er nye tider. Det blir nok problem for skjorene til våren. Dei lyt finne seg ein ny hekk for reira sine. Granhekken blir vel erstatta med eit lavare plankegjerde med tid og stunder.
Vår gode nabo i aust skal byggje garasje/vedbod ned mot carporten vår, langs med grensa til innkøyrsla. Han treng ein stad å stå under tak og jobbe, for han har ved som hobby no etter at han vart pensjonist. Kjekt at karane har noko å styre med. Svein har ein veteranbil m.m. som han jobbar med i garasjen sin.