mandag 31. oktober 2011

Bursdagsfeiring

Triveleg bursdagsfeiring for Svein i går med søndags-buffet på Nordfjord Hotell og kaffi/kaker heime i Alleen. Jubilanten si næraste familie var samla, 27 med smått og stort. Ei av gåvene var denne fotskammelen med inskripsjon: "på godfot med deg, stig opp på meg". Symbolsk den også?
Takk for alle gåvene, både på dagen den 25. og i går! Eldstejenta av barnebarna, Ingrid, heldt ei morsom tale på vegne av dei 11 barnebarna (7-23 år), noko Besten sette stor pris på.

torsdag 27. oktober 2011

Bursdagar i oktober

I kveld feira vi Bjørnar sin 16 årsdag. Koseleg som alltid på Os. Svein feira 70 årsdagen sin den 25., og vi gleder oss over at Rasmus fekk feire sin 68-årsdag den 26. Bildet viser ein vakker presang Svein fekk til sin dag. Litt symbolsk.

mandag 3. oktober 2011

Ny båtkalesje



Vi skulle ha fått ny kalesje på båten vår for lenge sidan, men det har vore vanskeleg å få firmaet i Måløy (http://www.maloy-industrisom.no/batkalesjer) til å ta oppdraget utan at vi frakta båten ut i flyte-hallen deira, noko vi kvidde oss på. I år lukkast det endeleg å få ein mann til å kome og ta mål inne i båthamna vår, han hadde visst andre oppdrag der også. Mens vi venta på den nye kalesja, hadde Svein festa ei gamal kalesje provisorisk for å halde ute regnet. I går hadde vi oss ein søndagstur nedom båthamna for å sjekke om det var lekasje, og då fekk vi den overaskinga. Kalesja var montert og alt såg bra ut! Flott service og fint arbeid, så no er det berre å vente på rekninga i posten, det blir nok dyrt. Eg har sagt at det får vere 70-års-presangen frå meg. Svein er ingen storfiskar, men han set pris på å ta seg ein tur på sjøen av og til og det blir som oftast ei "koke" eller to når han tek turen. Vi har det trygt, lettvint og fint i småbåthamna, med 2 flytebryggjer og 3 naustrekkjer innafor moloen. Det var eit storarbeid då dei mudra ut for flytebryggja sør for dampskipskaia og vest for meieriet og VS. No er det blitt eit attraktivt fritidsområde ved Os-elva og badestranda utanfor moloen.

søndag 18. september 2011

Tur i marka



Fin søndagstur til Heida og hytta til Elin og Jostein. Tinka var med dei, og dei hadde overnatta i vakkert haustver. Vakker utsikt frå hytta deira som ligg fritt og fint like nedanfor Heida, som er sætra der mor vår var budeie. Slettebø-selet ligg til venstre i bildet. På heimturen køyrde vi ned om Sjøsætra der eg var "budeie" i lag med mor og Marie Myrstad i gamle dagar. Desse to sætrane ligg ganske nær kvarandre, Heida for Remmedølene og Sjøsætra for Hafsåsarane.

tirsdag 6. september 2011

Bursdagsfeiring på Golvsengane

Den nymåla loftsstova vart innvigd med brettspel. Litt nakne veggar endå, men det ordnar seg nok etter kvart.

Kris hjelper onkel Stein med dataproblemer:

Kristine har feira bursdag i 3 dagar, klassekameratar fredag, mor si fam laurdag og far sin fam søndag. Alle dei 11 søskenbarna var samla denne gongen, lenge sidan sist. Stig var heime frå Bergen på langhelg og Kris heime frå Ålesund.

lørdag 3. september 2011

Bursdagar i september



Gratulerer niesa mi, Anna Pernille, med 40-årsdagen i dag! Har funne fram foto av henne som konfirmant, tante (Sara), og brud (2009). Anna Pernille er ei skikkeleg gladjente.
---
Ei anna gladjente er barnebarnet vårt, Kristine. Gratulerer med 11-årsdagen i dag. Ho er m.a. interessert i fotball, handball, turn, kunst og hund (Mira).

mandag 29. august 2011

Pensjonist-tur til Kongsberg

Vakker park mellom elva og hotellet, mange statuer.

Fiskaren i fossen er ei statue.
Eit triveleg hotell


Stall K, eit flott anlegg med utandørs- og innandørs ridebane, mange stallar og flotte hestar.
Leirskule, kurs, kjøp/sal av hestar m.v.

På ein slik plass er det fint å ha mange kattar, her er den finaste vi såg:

Fabiano på plass i hestevogna, Roger er erfaren hestekar:

Farvel til Stall K:
Vel heime på hestesenteret på Nordfjordeid:

Fam. til Audny har selt hesten, Don, til K-stall i Kongsberg. Wendy er på fòr i Sykkylven og vil også bli selt. I staden har dei kjøpt seg ein 4-års valak som vi var med dei ned og henta sist helg. Vi køyrde i to bilar - vi skulle vere følgjebil om det skulle bli problem på heimvegen og Svein reservesjåfør. Vi køyrde over Sogn og hadde ein heller våt tur nedover Hallingdalen, med skodde og ein del vatn i vegbana. Dei unge køyrde til Liersenteret for å handle hesteutstyr, men vi to pensjonistane køyrde direkte til Kongsberg. Vi var alle bortom stallen og såg på hesten og sjekka at hengaren stod på plass. Don hadde hatt den nedover tidlegare i sommar. Audny hadde bestilt rom på Quality hotel ved elva i sentrum øst i Kongsberg, ein koseleg del av byen. Vi køya tidleg etter ein betre middag på Big Horn Steak House og var oppe tidleg søndag til fint vér. Etter ein god frukost gjekk turen til K-stall for å klargjere hestevogna og Fabiano, som hesten heiter. Han er ein god del større enn dei tidlegare hestane deira og skal trenast opp til dressur-riding av Ingrid. Det gjekk fint å få hesten i vogna, så vi køyrde frå Kongsberg kl 10 og var heime kl 17. Hesten stod fint i vogna, sjølv om det var ei ny erfaring for han, så vi køyrde i eitt strekk - 4 t. til ferja på Fodnes. I og med at hesten var roleg i vogna, trengde ikkje Audny avlastning med køyringa, så vi hadde ein avslappande pensjonist-tur bak hestevogna heimover. Det var ein fin tur over Gol og Hemsedal-fjellet.

torsdag 18. august 2011

Desse halvstrømpene har eg strikka på i sommar til Kristine. Det er hennar idé, veit ikkje kvar ho har tatt den ifrå. Sytalaust strikk med så lang vrangbord.

lørdag 13. august 2011

Tur til innfjorden

Resepsjon og kafé, Sande Camping i Lodalen. Ein flott campingplass.

Campingplassen i sentrum av Loen. Skålatårnet ligg opp og bak fjellet til høgre i bildet:
Søndagstur til Loen. Besøkte Stig og Renate som skal attende til Bergen og studier i morgon.
Motbakkeløpet "Skåla opp" i dag, mykje folk i Loen. Vi tok turen opp i Lodalen etter at løpet var over. Kjøpte middag på kafeen til Sande Camping, ein fin og koseleg campingplass ved Loenvatnet. Stein og Margunn var med, Kristine ville vere igjen hos S+R og småsøkena hennar.

mandag 8. august 2011

Ut mot havet

Grotlesanden laurdag
Kveld på hytta
Laurdag reiste vi ut til hytta, Kristine og Mira var med. Dei andre i fam til Stein gjekk på Skåla. Vi tok ein avstikkar til Grotlesanden, men vi såg ingen som bada. Handla på Joker-butikken på Igland/Hauge. Vi hadde brukbart ver med litt vind, så knotten var ikkje så ille. Sol tidleg på dag, tilskying på kvelden. Søndag fekk vi besøk av dei som hadde gått på Skåla og hadde ein koseleg ettermiddag. K+M vart med dei inn att om kvelden. Fint i dag også, hadde ein roleg føremiddag, jobba med litt måling og vasking før vi reiste inn att i kveldinga.

mandag 1. august 2011

Dagstur over fjellet.


Den nye Turtagrø-hytta og fjella vi ser derifrå. Her møtes vegane Lom-Turtagrø-Sogn og Årdal-Turtagrø:



På toppen av Norge og like før ein byrjar på nedturen mot Bøverdalen/Lom, Galhøgpiggen langt borte i syninga:
Vi hadde ein fin tur i vakkert ver over Sognefjellet i går. Tok Loteferja og køyrde over Skei-Fjærland-Sogndal-Luster. Vakkert i indre Sogn også. Reinsdyrsteik på Lom før vi snudde nasen vestover igjen over Strynefjellet.

tirsdag 26. juli 2011

Tid for ettertanke.



Eg har som oftast liggjande ei bok eg les i ledige stunder. Lydboka "Etterpå" med Wencke Foss m.fl. er humoristisk og tankevekkjande. Lånte den på bibl., berre 4 cd-ar, så det er overkomeleg. Høver for "Vi over 60". Eg er imponert over sonen hennar, Fabian Stang, har nok arva mykje etter mor si. "Den gode kraften" av Snåsamannen, fekk Svein av Oserane for ei tid sidan. Den har også gjort inntrykk på meg. Elles har eg liggjande ein haug med bøker som eg har planer om å lese. Kristine og eg går som oftast på biblioteket ein gong i mnd., kjekt at ho får "gode" vanar. Ho likar godt å lese bøker, gjerne krim eller humor.