TV-skåpet er ferdig med måleri på begge sider av døra. Verandaen er fin på føremiddagane og til soling, vestavinden tek litt der. Det gamle plommetreet som skjermar for verandaen er frodig og fint, pynta litt med stemorsblomster då stammen er litt lang og naken.
onsdag 28. juli 2010
Litt av kvart i juli.
TV-skåpet er ferdig med måleri på begge sider av døra. Verandaen er fin på føremiddagane og til soling, vestavinden tek litt der. Det gamle plommetreet som skjermar for verandaen er frodig og fint, pynta litt med stemorsblomster då stammen er litt lang og naken.
fredag 16. juli 2010
Panoramavegen
søndag 11. juli 2010
Litt av kvart
Slik ser WC, dusj og vaskerom ut pr. dags dato. Alt er klart for måling på våtromsstrie/membran på wc/dusj-veggane og flislegging golv på ferdig underlag.
I avdelinga heilt til høgre har vi fått montert ein stålvask og vi skal kjøpe ny vaskemaskin og tørketrommel (i etasje) som skal stå der.
Svein har tatt ned skåper/vask på motsatt side og har pussa og malt, så dei skal vi montere opp igjen. Må nytte det røropplegget vi har.
Veggane er som før, baderomspanelet har halde seg utruleg godt.
Trur det skal bli eit romsleg og godt pensjonist wc-bad-vaskerom.
Våtromsfagmannen er rundt om kring og jobbar, men har lova å gjere seg ferdig snart - kanskje i morgon?
Tidleg på 80-talet gjekk det ein dansk TV-serie som heitte "TV i teltet". Vi var på campingtur med Lillebror-hengar/fortelt og kjøpte eit lite sv/hv TV som vi hadde i teltet. Vi besøkte våre gode venner i Danmark, og dei hadde stor moro av oss. Ja det var den tid, det.
Som de ser har Svein montert TV i hagestova (litt harry? ikkje ferdig endå). Vi hadde eit lite TV-apparat av gamlesorten ståande som ikkje var i bruk, så han fann ut at han måtte nytte det til noko fornuftig....
Petunia og lobelia i verandakassene er ganske trivelege no.
fredag 9. juli 2010
Kveldstur via Plassen og Hærmuseet
fredag 25. juni 2010
Storfint besøk i regnveret.
I morgon er det reise med hestane til Stall Schilbred ved Kristiansund for ei veke leiropphald. Audny har tatt lappen for hestehengar og skal køyre. Roger er medhjelpar og god støtte både for ryttarar og sjåfør. Dei skal reise i lag med ei venninne og faren hennar som også skal køyre hestehengar. Får håpe det går fint. Lukke til!
Gratulerer med bryllaupsdagen den 27. juni!

I dag har Hilde og Oddvar 23 års bryllaupsdag. Gratulerer med dagen!Begge døtrene våre gifta seg på prestekontoret i Prestegaren på N.eid. Fekk lyst å legge til foto av Audny og Roger som gifta seg i pinsa året etter. Dei bodde då på Ås og Kristoffer var berre 5 veker gamal.
Svein kommenterer bilda på sin måte:
På første bildet står brudeparet på gamletrappa, året etter er det ny trapp og rekkverk. Han sat ofte på den gamle trappa og prata med presten Løvold då dei bodde i paktarhuset i Prestegarden under krigen. Ottar, yngste sonen til presten, var fadder på han.
Olaug kan vel skrive meir om dette?
torsdag 24. juni 2010
Jonsok
mandag 21. juni 2010
SOMMAR
tirsdag 1. juni 2010


Sist søndag gjekk vi tur gjennom Malakoff på veg bort til Os. Området mellom Valhall og hotellet er no rydda opp og sådd plen. Fløyen til høgre på hotellet er ny. Selskapslokale/kurs- og konferanse-salar i 2. etg. (vi var der i konf. til Ingrid og Lars i fjor). Kjellaretg. er nettopp ferdig. Der er trimrom, massasjerom, symjebasseng, spa etc. + fint beplanta uteareale. Eg gløymde å ta bilde av "Sørgende mor". Det var så fint pynta ved statua med vakre blomar. Eit fint og nært turområde for oss som bur i flata.
mandag 31. mai 2010
45-års jubileum dåpsdagen til Audny
I dag er det 45 år sidan Audny vart døypt i Stårheim kyrkje. Det var ein stor dag for stårheimarane, for kyrkja vart opna igjen denne dagen etter eitt års innvendig restaurering.Då vi gifta oss i juni året før, var kyrkja i "gamal drakt". Meininga var at farmor Amanda skulle vere gudmor, men ho var så uheldig å bryte ein arm like før, så derfor vart mormor Astrid gudmor til første barnet vårt. Litt trist var det at ingen av Svein si familie var med i barnedåpen. Amanda var rekonvalesent på Raudeberg hjå Olaug. Ho hadde 2 små born å ta seg av, Solveig (knapt 2 år) og Rasmus (7 mnd). Dei hadde ikkje bil den gongen, så det var tungvint å reise. Då eg leita i eit gamalt album, fann eg dette bildet av 4 generasjonar på morssida. Artig å sjå kor stram oldemor Bella var, 75 år gamal. Oldefar levde også, han var 83 år og døde i febr. året etter, Bella levde til ho var 92. Momor Astrid var 45 år og eg var 20. Den tida var myndighetsalderen 21 år, så det var Svein som vart min "formyndar" i 2 år då vi gifta oss.
Bildet er tatt ute ved tuntreet i Torvika, der vi budde første året vi var gift. Vi flytta inn i andre etg. på Hildegard til besteforeldra til Svein på 20-årsdagen min, Audny var då 3 veker gamal. Det var stor stas å få eiga leilegheit med innlagt vatn og utslagsvask. Ja det var tider det!
søndag 23. mai 2010
1. Pinsedag
Golvsengane byggjefelt:
lørdag 22. mai 2010
"Vaktmeisteren" på hytta
På hytta er det stille og fredeleg, og våren og sommaren er finaste tida der ute, før knotten kjem og gjer det utriveleg viss det er vindstille. Ein høyrer berre lyden av bølgeskvulp, fuglekvitter og motordur frå ein og annan fiskebåt på sjøen. Når det gjeld dyrelivet, er det eit par bønder som har sauene på beite i området. Vi ser også ørner og oter. Tidlegare år beundra vi hjortane som beita i marka, men truleg er desse dyra no tatt av jegarar. Granskogen har vakse mykje desse 15 åra vi har hatt hytta, så der er gode gøymeplassar for hjort og andre dyr. Siste par åra er vi blitt merksame på ein røyskatt som fer og smett. No når vi har drive og beisa hytta, har vi nok uroa han meir enn vanleg. Iflg. internett, der eg har henta dette bildet, er røyskatten eit nyttedyr å rekne fordi han held sæterhus, hytter og kjellarar fri for mus og smågnagarar. Pelsen, som om vinteren er kvit, heiter hermelin. I gamle dagar vart den mykje brukt til kapper etc. for rikfolk og kongar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)