lørdag 12. oktober 2013
Haust-tur "Over Brekka".
I dag kom Stein Inge og henta Mira som vi har hatt i pensjon i ni dagar mens dei har vore i Tyrkia på haustferie. Nydelelg haustvêr, så vi tok ein tur "over Brekka" frå Hjelmelandsdalen og ned til Bjørkedalen. Nytta høvet og tok ein del bilder som kan vere motiv for Svein når han skal måle bilder til vinteren. Dette fjellet er vel kjent for dei fleste. Elles er det operatider på Nordfjordeid, operetta "Flaggermusen" i år + balletten "Nøtteknekkeren", siste helga no. I tillegg er det Valkyriemesse i Valhall og opera-kunst-utstilling i Gamlebanken.
mandag 30. september 2013
September
Dette bildet er tatt frå Os-brua sist veke med Doro-kameraet på mobilen. No er sola på hell på Os og snart her i Alleen. Vi må berre belage oss på 4 mnd. utan sol og satse på mykje innekos. Veden er i hus, fekk ny leverandør i år, ein tidlegare kollega av Svein som har småbruk m/vedaskog og jobbar med ved som pensjonist.
I byrjinga av mnd. fekk vi vere med å feire diamantbryllaupet til Signe og Kåre, svigerforeldra til Hilde. Det var storfeiring på Fjordly på Bryggja i vakkert vêr.
Denne mnd. har det også vore Stortingsval som enda med "Ikkje-sosialistisk-fleirtall". I dag har dei meldt frå om at det blir "To-parti-regjering" mellom Høgre og Frp, med støtte frå Venstre og Krf. Det går nok mot spanande tider i Stortinget dei neste åra. Tilbakemeldingane frå utlandet er at dei ikkje skjønar at vi vrakar Jens, som har styrt landet så bra i krisetider. Tida får vise...
Vi gleder oss over at Elin har fått gode tilbakemeldingar på prøvene etter ein tøff vinter,vår og sommar med kreftdiagnose, operasjon, cellegiftbehandling m.v.
No går vi inn i siste kvartal av dette året. Tykkjer at dette året har gått så altfor fort, snart er det jul...
tirsdag 27. august 2013
Nye tider
I går fekk vi fjerna granhekken mot naboen i aust. Mykje arbeid med ein slik hekk og han var byrja å vekse oss "over haudet". Det var populært å plante denne typen hekk av Siktagran for 40 år sidan. Det vart litt rart, og vi føler oss litt ribba no, men må berre venje oss til at det er nye tider. Det blir nok problem for skjorene til våren. Dei lyt finne seg ein ny hekk for reira sine. Granhekken blir vel erstatta med eit lavare plankegjerde med tid og stunder.
Vår gode nabo i aust skal byggje garasje/vedbod ned mot carporten vår, langs med grensa til innkøyrsla. Han treng ein stad å stå under tak og jobbe, for han har ved som hobby no etter at han vart pensjonist. Kjekt at karane har noko å styre med. Svein har ein veteranbil m.m. som han jobbar med i garasjen sin.
tirsdag 20. august 2013
Kongsberg-tur over fjellheimen.
Bitihorn
Utsikt nedover mot Beitostølen
Sist veke gjekk turen til Kongsberg for å besøkje Ingrid, barnebarnet vårt. Vi køyrde over Sogn-Hemsedal-Gol-Geilo-Kongsberg, så det vart litt lengre enn Gol-Hokksund-Drammen - som vi ofte har køyrt. Det var ein fin tur i vakkert høgfjell i nordlege del av Hardangervidda. Har dessverre ikkje bilder frå nedoverturen.
Heimover køyrde vi Valdresflygja i strålande ver. Der var dei i gang å leggje ny asfalt. I sommar har vi tatt tre turar i Sør-Norge og det har vore mykje vegarbeid, så det er nok feil å seie at det ikkje blir investert i /på vegar her i landet. Problemet er vel helst at det tek lang tid med planlegging, ekspropriasjon m.v., så dei må halde trykket oppe heile tida. Turen til Sørumsand for å besøkje fetter og kusine m.fl. av Svein, tok vi i midten av juli. Då køyrde vi Gudbrandsdalen nedover og Kongssvinger-Elverum-Hamar heimover, Siste to somrane har vi halde oss heime, berre turar til hytta ved havet, så vi har tatt igjen mykje i år.
søndag 11. august 2013
Bergens-tur i fint vêr.
Utsikt til Bryggen frå den "nye" Fiskehallen
Mange turistar på Bryggen
Denne veka var vi ein liten tur til Bergen, køyrde Øyvind som var ferdig med ferien sin.
Vi overnatta i leilegheita til Stein og Margunn i Vikensgate, Danmarksplass,
der Stig, Renate og Øyvind bur. Ein triveleg plass, sentralt til Haukeland og bykjernen,
like ved Bybanen. Vi "gjorde" sentrum med m.a. Byparken, Fisketorget og Bryggen eine dagen i strålande sol. Også fint å gå i den nye Næringsparken i Solheimsviken der BMV bygde båtar i 130 år. Full renovering i dette området som ligg like nedanfor Vikensgate.
tirsdag 30. juli 2013
onsdag 26. juni 2013
Skuleferie og jonsokfeiring
Jonsokfeiring på Stadion - grilling ved klubbhuset
Etterpå i Osvika, som er ein tradisjon.
Kristine og 13-årslaget som vann Selje-cup 2013
Frå pausa, dommar Suresjh er ein gamal kollega av Besten.
Henning har tatt gult belte i Taekwondo. Frå avslutninga i Idrettshallen.
fredag 24. mai 2013
Fredags-tur til Torheim Gartneri
Litt kjøleg i dag, men opphaldsvêr, så vi tok turen til Torheim for å kjøpe litt plantar som var annonsert på tilbod. Mange tek turen ut der laurdag/søndag no på våren, har med seg niste og nyt utsikten og dei vakre plantane. Vi rekna med det var mindre med folk i dag og kortare ventetid. Det er alltid hyggjeleg å gjere ein handel med Jarle og Aud. http://www.torheimgartneri.no/.
onsdag 22. mai 2013
Pinsehelg på hytta
Vegkrysset frå Ålfotdalen til Leirgulen-Rugsund-Oldeide-Kalvåg
Hornelen frå ein ny vinkel
Sola gjekk ned i skoddebanken vest i havet 1. pinsedag
Etter ein kald etterjuls-vinter/vår var det på tide med ein tur på hytta igjen. Vi nytta høvet å køyre den nyåpna vegen i Bremanger-sambandet. Nydeleg vêr og vakker og natur, og betre veg enn langs fjorden via Davik. Vi har aldri vore så seine med å reise ut på hytta som i år, men kulden og litt sjukdom gjorde at det vart slik i år. Finevêret og varmen som kom til 17. mai heldt seg over pinsehelga. Varmt og fint ved havet også. 2. pinsedag kom Audny m/fam og svigerfar Lidvard utover. Ho og Roger hadde 25. års bryllaupsdag den 21. mai og vi var invitert på middag på Knutholmen hos Svein I. Fosse i Kalvåg. Han var underhaldande servitør og vert for oss. Sonen er kokk og heile familien jobbar der i sesongen. http://knutholmen.gasta.no/. Tysdag vart det vêrskifte igjen, med skodde og regn, så vi reiste inn att utpå dagen etter å ha handla reker hos Br. Larsen i Kalvåg.
Hornelen frå ein ny vinkel
Sola gjekk ned i skoddebanken vest i havet 1. pinsedag
Etter ein kald etterjuls-vinter/vår var det på tide med ein tur på hytta igjen. Vi nytta høvet å køyre den nyåpna vegen i Bremanger-sambandet. Nydeleg vêr og vakker og natur, og betre veg enn langs fjorden via Davik. Vi har aldri vore så seine med å reise ut på hytta som i år, men kulden og litt sjukdom gjorde at det vart slik i år. Finevêret og varmen som kom til 17. mai heldt seg over pinsehelga. Varmt og fint ved havet også. 2. pinsedag kom Audny m/fam og svigerfar Lidvard utover. Ho og Roger hadde 25. års bryllaupsdag den 21. mai og vi var invitert på middag på Knutholmen hos Svein I. Fosse i Kalvåg. Han var underhaldande servitør og vert for oss. Sonen er kokk og heile familien jobbar der i sesongen. http://knutholmen.gasta.no/. Tysdag vart det vêrskifte igjen, med skodde og regn, så vi reiste inn att utpå dagen etter å ha handla reker hos Br. Larsen i Kalvåg.
torsdag 7. februar 2013
Jan/febr 2013
Til jul fekk eg boka til Dronning Sonja og har kosa meg med denne no i januar. Ein må berre bli imponert over hennar energi og arbeidskapasitet. Boka er også historisk lærerik med mange private bilder. Vi fekk også signert bok av Toralv Maurstad til jul. Den er også under lesing. Eg skiftar litt mellom lydbok og prenta bok, godt å kvile augene av og til.
Elles har eg lånt dei 4 lydbøkene til Nattens Brød av Falkberget på biblioteket og er nett ferdig med dei. Eg har brukt litt tid på dette prosjektet. Som ein kuriositet har eg kjøpt DVD-filmen An-Magritt frå Platekompaniet, men vil vente med å sjå den, gjekk vel som TV-serie for mange år sidan. Eg fekk anbefalt Platekompaniet av Elin ein gong, og dei kan skaffe det meste av gamle filmar etc. Tidlegare har eg lånt Duun sine 6 lydbøker om Juvikfolket. Eg blir litt lei moderne krim etc. og tykkjer det er artig å repetere dei gamle klassikarane. No prøver eg meg på lydbøkene av Hamsun, Landstrykere. Er spent på om det vil fenge...
søndag 30. desember 2012
Romjulsbesøk
I går, 29. des., var vi i det tradisjonelle Minestronesuppe-partyet hos Audny og Roger. Dette er ein kveld der heile familien vår er samla i alderen frå 8 - 78 år og stemninga er høg. Stort engasjement under quizen. Takk for ein fin kveld i Eidsgata 3! (har dessverre ikkje bilde frå arrangementet).
I dag tok vi ein impulstur i lag med Hilde og Henning inn i Gloppen til Elin, Jostein og Audhild. Der var Aron, Sunniva og Kent også på besøk. Elin varta opp med nydeleg middag, kalkun med tilbehør, dessert, kaker og kaffi. Jostein fyrte opp i peisestova, så vi kom i skikkeleg hyttestemning. Tusen takk for oss!
mandag 24. desember 2012
Julafta 2012
Koseleg julekveld hos familien til Stein Inge.
Vi ønskjer alle ei riktig GOD JUL!
Helsing Bodil og Svein
Abonner på:
Innlegg (Atom)







