tirsdag 26. april 2011

Nye utemøblar

Etter at vi fekk lys-tak over uteplassen vår for eit par år sidan, har det vore meininga at vi skulle fornye utemøblane. I dag kom det FK-brosjyre i posten med "kupp" på denne Oregon-gruppa - og det vart til at vi køyrde bort og kjøpte den. Så no er det berre å kome på kaffe-besøk. Dei gamle tremøblande skal vi ta ut på hytta. Der høver det godt med tunge impregnerte møblar som kan stå ute i vér og vind.

mandag 25. april 2011

Påske ved havet


Langfredag reiste vi på hytta. Dette var første turen i år og alt stod vel til der ute. Strålande ver og Kristine og Mira vart med på turen. Vi hadde eit stopp ved den vakre småbåthamna i Rugsund. Artig å sjå Hornelen frå denne vinkelen. På vegen utover hadde vi oss ein tur bort i det nye hyttefeltet på Gildreneset der det no er komen veg heilt bort til hytta til Sørgulen. Vakker utsikt mot bruene i Kalvåg og øyane. Vi feira ein roleg 66-års-bursdag på påskeafta. Hadde oss ein liten tur inn i Kalvåg og handla og såg på livet der. Stein Inge kom på besøk og vi kosa oss med kaker og godsaker frå Kalvåg. Ut på ettermiddagen reiste han og Kristine/Mira inn att. Veret endra seg i løpet av søndagen, så vi reiste inn att ut på dagen.

onsdag 20. april 2011

Måløy-tur



I går gjekk bilturen til Måløy i lag med "Strikkemor" og minstemann. Hensikten med turen var at Hilde skulle hente bilen deira som var til reparasjon/service hos Barmen og Lund.
Før vi henta bilen, vart det både sightseeing, kafébesøk og shopping. Vi køyrde ein snartur ut til Raudeberg, ny fin veg og tunnell der no. På 1960-talet budde Olaug og Nils - og etter kvart Solveig og Rasmus på Raudeberg, så det vart litt mimring om turane vi hadde ut til dei i lag med farmor Amanda. Dette var før Måløy-brua var bygd, så vi måtte ta ferge Deknepollen-Måløy. Tok bilde av skulen Olaug jobba på og huset (vi trur) dei budde i. Begge bygga er påbygde sidan den tid.
Besten og Henning køyrde inn att ei stund før Hilde og meg slik at vi kunne ta ein butikkrunde i fred og ro. Vi var sjølvsagt innom ein garnbutikk, kjekt å sjå og kjenne utan å kjøpe så mykje. Koselege butikkar i hovedgata som vi gjekk til endes frå Måløy Torg til B&L.

søndag 17. april 2011

Palmesøndag



Påska i år startar med regn og gråvér, men det skal bli betre ut i veka. Ikkje mykje fint å fotografere ute, så eg fann nokre gule blomsterbilder på nettet. Fekk dermed assosiasjoner til denne tida for 6 år sidan, då eg og nokre kollegaer var i Amsterdam på langhelg og besøkte "Keukenhof", opprinneleg kjøkkenhagen til eit gamalt slott, no ein flott blomsterpark.
Vil med dette ønskje alle ei riktig god påske!

søndag 10. april 2011

Kvivsvegen frå Nordfjord-sida

I vinter har vi for det meste brukt den 16 år gamle 4x4 jeepen til småkøyring på glatte og skada vegar i sentrum. Strekninga har hovedsakleg vore Os-skuleområdet-Golvsengane- Alleen. Når vi køyrer litt lengre turar, er det kjekt å bruke den nye bilen. I dag gjekk turen til Hornindal for å gjere oss kjende med Kvivsvegen frå Nordfjord-sida. Stoppa ved Svor-museet og tok litt bilder. Vårleg og fint på Grodås og vatnet var isfritt:



Vi køyrde vegen på vest-sida av elva mot Gausemel og der kunne ein sjå i tunnellen. Der var arbeid på gang og adgang forbudt. Mykje anleggarbeid ved riksvegen opp gjennom dalen for å knyte gamal og ny veg saman. Det blir nok ei stund endå før det blir ny veg opp dalen mot Hellessylt/Stranda:

tirsdag 29. mars 2011

West Side Story

Bildet er frå Wikipedia. WSS er ein musikal frå 1957, fritt tolka etter Shakespear sitt teaterstykke, Romeo og Julie. Musikken er av L. Bernstein, første visning var på Broadway, seinare over heile verda, sist i Oslo i 2006. Historia blir tolka ved tekst, sang og dans. Musikalen blei filmatisert i 1961 med bl.a. Natalie Wood, og fekk mange prisar.
Sist søndag var eg og fleire av damene i familien på matiné i Operahuset på Nordfjordeid og såg/høyrde elevar ved Vidareg. Skule framføre WSS med musikk ved operaorkesteret.
I orkesteret var også 8 unge eidarar. EVS har ikkje eiga musikkline, men vi har ein god kommunal musikkskule og dyktige folk i tilknytning til operahuset som gjer at det muleg å få til ei slik storsatsing. Mange flinke songtalent og skodespelarar/danserar ved skulen. Maria vart spela av Nina Hopland Erviksæter frå Kjølsdalen, Tony av Dan Jøran Hafsås frå Stårheim. Hilde tykte det var spesielt artig med Nina som gjekk i Alleén familiebarnehagen hos henne på 90-talet! Ho har ei vakker sangstemme. Dan er også dyktig, har vore med fleire gonger i Operaen i regi av EVS. Framføringa var på nynorsk og "engelsk/portugisisk", veldig artig. Vakre kjolar og fin dans og gode sangframføringar både av jentene og gutane.

mandag 28. mars 2011

Bursdagar i mars


Gratulerer den ungdommelege syster/svigerinne Olaug med 71 årsdagen!
Rosa øverst fekk Besten levert på døra i dag av ein "kjendis" her i bygda som køyrer drosje og som meiner det er kjekkast å gje blomar mens mottakaren er i live. Orkidéen under fekk vi av Ørsta-Besta/Besten og Ariel då dei var på besøk i vinterferien.
Ingrid (den 9.) og Audny (den 31.) har også bursdagar i mars.

søndag 20. mars 2011

"Plassens venner"






I går var den årlege basaren i Valhall til inntekt for "Plassens venner". Mykje folk og god basarstemning med åresal, lodd på bok, kaffi/kaker og underhaldning av skulemusikken. Kristine og eg var der ei heil stund, Hilde og Henning kom også. Vi vann det flotte fargefotoet av Nordfjordeid skule frå 1968, ein av dei mange gevinstane frå fotograf og foto-doktor Lars Lunde. Mange fine gevinstar frå hobbykunstnarar i trearbeid, Ove Sunde, Inge Gjul og Anders Nordbø. Oddvar og fleire driftige personar har ein god del dugnad for å halde alle husa og Plassen i orden. Som kjent er Malakoff rockefestival der kvart år og fleire andre arrangement. Gå inn på denne linken og les om dette:
http://www.eidaportalen.no/nyhende/item/1650-god-gamaldags-basar-i-valhall.

torsdag 17. mars 2011

Bakedag

Henning litt småsjuk i dag og kunne ikkje vere med klassa si på skitur, så han har vore her med oss. Han er ikkje vanskeleg å passe, 7 år og flink å styre med Pocemon-kort, kabal på PC-en, TV-titting, DS og litt kortspel og sjakk. Han slår meg som ingenting i sjakk. Innimellom "slaga" har eg baka ein stor porsjon boller og 3 grovbrød. Prøvde meg på rugbrød i dag: sammalt rug fin, sammalt kveite grov og fint kveitemjøl, totalt meir enn 50 % grovt (ikkje korn/kli). Rugen gjer at deiga blir klissete, fann derfor ut at eg skulle "ause" den opp i formene (som ein gjer med Ingers grovbrød). Resultatet vart uventa bra, mjukt og godt.

mandag 14. mars 2011

Måløy-tur

I dag var vi tidleg oppe og tok oss ein biltur til Måløy. Fint ver med sol over snødekte fjell, det er vakkert ute ved kysten. Vi var innom Måløy Brygge, kjøpte to persienner til stoveglasa mot vest på Princess, hyggjeleg og hjelpsam butikkdame. Markisene vi har hatt utvendig i mange år er modne for utskifting. Var også innom Fagmøbler ved Måløy Stormarked i Deknepollen. Såg etter nye stolar til spisebordet i stova. Denne gongen er vi kritiske til kvalitet og pris. Klarte ikkje å bestemme oss, fekk bl.a. 15 års jubileums-tilbod på Eiker spisestue, bord med ei ekstra plate og 6 stolar til kr 12.995,-. Lekkert, men kva skal vi eventuelt gjere med det gamle spisebordet? Nei, vi får tenke litt til. Trykkertane i verandadøra vår er kaputt, etter flittig bruk, så Svein såg etter nye hos Byggmakker. Dei råda han til å høyre med dei som har levert døra, Nordvestvinduet AS i Almenning. Det vart til at vi stansa der på veg innover og han fekk nytt sylindersett og vridersett til kr 1.200,-. Dei hadde ikkje betalingsterminal, og vi hadde berre kr 1.100,- i cash, så vi skal sende kr 100,- pr. post! Fin service, men utruleg at vi ikkje berre fekk ein giro med kontonr. Tankelaust av oss å ikkje ha meir kontantar, men eg er ivrig kortbrukar og har sjeldan kontantar.

torsdag 10. mars 2011

"Evig ung"

I kveld har vi vore i Operaen på musikkteateret "Evig ung" i regi av Det norske teatret/Riksteateret. Begge døtrene vart også med, ein triveleg kveld med mykje latter.
Stykket gjekk tidlegare for fulle hus i Oslo og fekk komiprisen for 2009. Kjende skodespelarar, fleire med gode sangstemmer. Dei har turné over heile landet, i morgon er dei i Førde.
Mykje informasjon på google.
http://www.riksteatret.no/db/production.shtml?mac=production&id=5364199&det=1

onsdag 9. mars 2011

Gratulerer Ingrid med 17 årsdagen!

Eg tok sjansen på eit bilde av eldstejenta i barnebarn-flokken som ho sjølv har på Facebook.
Ingrid er ei stor, flott heste-jente og absolutt vakrast når ho er blid, seier eg til henne.
Ho er flink på skulen og ein snill og hjelpsom kamerat, slik eg har forstått det.
Utruleg at ho snart må ut i verda for å få seg utdanning, tykkjer ikkje det er lenge sidan ho var eit lite nurk. Familieselskapet var på søndag, i kveld er det venneselskap.