onsdag 20. april 2011

Måløy-tur



I går gjekk bilturen til Måløy i lag med "Strikkemor" og minstemann. Hensikten med turen var at Hilde skulle hente bilen deira som var til reparasjon/service hos Barmen og Lund.
Før vi henta bilen, vart det både sightseeing, kafébesøk og shopping. Vi køyrde ein snartur ut til Raudeberg, ny fin veg og tunnell der no. På 1960-talet budde Olaug og Nils - og etter kvart Solveig og Rasmus på Raudeberg, så det vart litt mimring om turane vi hadde ut til dei i lag med farmor Amanda. Dette var før Måløy-brua var bygd, så vi måtte ta ferge Deknepollen-Måløy. Tok bilde av skulen Olaug jobba på og huset (vi trur) dei budde i. Begge bygga er påbygde sidan den tid.
Besten og Henning køyrde inn att ei stund før Hilde og meg slik at vi kunne ta ein butikkrunde i fred og ro. Vi var sjølvsagt innom ein garnbutikk, kjekt å sjå og kjenne utan å kjøpe så mykje. Koselege butikkar i hovedgata som vi gjekk til endes frå Måløy Torg til B&L.

1 kommentar:

Besta sa...

Jau, de har funne både rette skulen og rette huset.Det var eit gammalt og eit nytt skulehus i mi tid, men det gamle er no rive og erstatta med eit nybygg. Huset vi budde i har også gått gjennom ei ansiktsløfting, så det var godt gjort å kjenne det att. Vi var der ein tur for vel eitt år sidan.