mandag 3. mai 2010

Konfirmasjon 2. mai 2010


Denne helga har vi feira trippel konfirmasjon på Nordfjordeid. Besten og eg er besteforeldre til alle tre, det var derfor "praktisk" å slå saman feiringa. Familiene til svigerborna våre - Roger, Oddvar og Margunn - bur også her i Eid, og dei fleste kjenner kvarandre frå før, så det gjekk veldig fint. Dagen starta med tidleg konfirmant-gudsteneste då det også skulle vere konf.gudst. i Heggjabygda kl 13. Det var høgtideleg i ei fullsett kyrkje og prest Kristin klarte seg godt i si første konfirmant-gudsteneste.
I og med at middagen først var kl 14, møttes vi i Næringshagen der Roger jobbar, like ved hotellet, til ein kaffekopp og power-point presentasjon av konfirmantane frå dei var små til no. Dette var eit vellukka og samlande innslag i feiringa.
Middag og kaffi var på Nordfjord Hotell. Konfirmantane ønska alle velkommen, og under middagen var det songar og taler til kvar konfirmant. For meg som bestemor, var det nok talen til farmor (og oldemor) Signe på 82 år som gjorde størst inntrykk. Ho snakka m.a. om den gode kontakta som har vore i stor-familien og kor fint det har vore med alle syskjenborna som har vakse opp i lag.
Veret var også fint, sjølv om det endå er litt kjøleg.

lørdag 1. mai 2010

Gratulerer med dagen!

Har søkt litt informasjon om 1. mai (Arbeidernes internasjonale kampdag) på Wikipedia, mykje interessant historie der. Frå slutten av 1800-talet og langt fram på 1900-talet var denne dagen for mange frå arbeiderklassa større enn 17. mai. Vanskeleg for oss å forstå i dag, då feiringa helst foregår i dei større byane. Fleire andre enn dei sosialistiske partia nyttar no dagen for taler og valkamp, bl.a. Frp. Dette bildet er kopiert frå W og viser feiringa i Sel i Gudbrandsdalen i 1910.

lørdag 24. april 2010

Besøk hjå Lappetausa


,

Henning og Aron tidlegare i år, tur i lag med Strikkemor, katten er på plass. Kristine og Aron for to veker sidan då vi var på overnatting.
Koseleg etterpå-bursdags-visitt av Elin i dag. Ho kom med ei vakker brikke i bestemor-fargar.

onsdag 14. april 2010

Gratulasjonar i April

I dag fyller eldste barnebarnet vårt, Kristoffer, 22 år. Han vart fødd på "det gamle" Rikshospitalet i og med at pappaen jobba i Oslo og mammaen var student på LHS ÅS, der dei hadde ei lita studentleil. Det var stor stas då dei kom heim i pinsa og feira bryllaup den 21. og barnedåp den 22. mai. No er Kris student på ing.h.skulen i Ålesund. Han kjem heim til helga og då blir det vel litt feiring, vil eg tru.
Elles er det fleire i fam. min som har bursdag i april, kan nemne Berit den 1. , Idunn den 13., Frøydis den 22., - følg med på Heritage.
Trur også at 14. april er første sommardagen. Det har vore ein fin føremiddag i dag.

mandag 22. mars 2010

Gratulasjonar i mars!

Denne helga var Ingrid og Audhild på ridestemne i Breim og dei fekk 1. og 2. plass. På bildet ser vi Ingrid og Wendy. Eg har lite greie på hestesporten, det er vel meir informasjon på bloggar og facebook. Elles er det fleire bursdagar å feire i mars, Ingrid den 9. Ivar den 20., Ingeborg den 23., Olaug den 28., Audny den 31. I går og i dag har det vore vår i lufta og snøen tinar fort. Forrige måndag og tysdag var det full vinter med snøfresing. I dag byrja vi på riving/oppussing av wc/bad i 1.etg. Vi har tenkt på det lenge, var noko slitasje etter 7 år med fam.bh. som avslutta i 2000! Det er over 30 år sidan vi laga til bad i 1. etg. og det var stor stas den gongen. Vi vil gjere det litt meir funksjonelt for alderdomen. Inspirasjonen fekk vi etter eit besøk hjå Lise og Kjell i Stryn sist laurdag.

søndag 7. mars 2010

Kunsten å ikkje gjere forskjell!

Denne helga har vi hatt den nest yngste på overnatting. Ho var innom bloggen vår og såg at vi hadde bilde av yngstemann frå turnstemnet for eit par veker sidan. Sjølvsagt tykte ho det var urettferdig at eg ikkje hadde lagt inn bilde av henne - sjølv om eg prøvde å forsvare meg med at det var bursdagsbilde av vesleguten. Rett skal vere rett - her er turnjenta!
I dag har ho hjelpt oss å passe yngstemann mens Strikkemor var på kurs. Ho likar godt å vere lærar og underviste både i norsk og matte - og 6-åringen er både lærenem og lydig!

søndag 21. februar 2010

Henning 6 år!


Gratulerer minsteguten med 6 års dagen. Stor dag for han, hans første turnoppvisning i idrettshallen, lett å kjenne lysluggen med Malakoff-Tskjorte. Mormor var publikum i lag med fleire andre i familien. Kristine var også med på oppvisninga. Bursdagsselskap etterpå.
Gratulasjonar også til kong Harald med bursdagen hans.

onsdag 17. februar 2010

Første soldagen

17. februar kvart år tittar sola over fjellkammen ned Os-gjølet til oss. Det skjedde også i år - og vi var heldige at det var delvis skyfri himmel. Bildet er tatt frå verandaen i 2. etg. kl 14.20. Har funne ut at eg kan setje minnebrikka frå fotoapparatet rett inn i PC-en min og at det ligg program for redigering bilde lett tilgjengelig på maskina - stadig nye oppdagingar! Fiskemiddag i dag med heste-jentene - torsk og ørretfilet. Kjekt så lenge dei vil kome her ein dag i veka og ete fisk. Eldstejenta er byrja med "trafikal undervisning", så etter å ha kvilt middag gjekk ho rett på det - og så er det vel hest før lekser m.m. Masse prøver har dei også, så det er ikkje noko slaraffenliv. Konfirmanten hoppa over middagskvilda og skunda seg ned til Viktor som skulle ha seg ein luftetur. No skal besten snart på veteran-møte og eg får vel ta meg ein trimtur. Mykje data og nærradio i dag, konf. facebook.

Frå Opera- til Kyrkje-konsert


I desse OL-tider kan det vere godt å kome seg ut av huset. Det ser ut til at NRK har gløymt at det er sjåarar som ikkje er så interessert i sport, og at dei burde flytta sporten til NRK2 eller ein annan eigen sportskanal - gjerne døgnet rundt for min del. Nok om det - siste veka har det vore kor-veke i Eid, først Requiem i Operaen fredag og i går kveld Exeter Domkirkekor i Eid kyrkje. Det er berre fantastisk å sjå og høyre så unge jenter og gutar i samstemd song med vaksne mannsstemmer. Tidlegare var dette berre eit manns- og gutekor, jentekoret var starta i 1994. Privat innkvartering, både Signe og Rasmus hadde engelske overnattings-gjestar.

søndag 14. februar 2010

Frå Requiem til tulipaner


Fredag kveld inviterte eg med meg LilleMø i Operaen. Michael Pavelich dirigerte stort opera-orkester, fire solistar, skulekoret ved Firda Vg.sk., Ålesund Operakor og Nordfjord Operakor i Requiem av Giuseppe Verdi. Litt av eit samspel med så mange aktørar på sena på same tid. Artig å sjå ungdomen så entusiastiske i ei så krevande framføring. Laurdag hadde dei framføring på Sandane og i dag i Førde.
Tulipanane er frå mine 3 godt vaksne barn på morsdagen. Kjekt å bli hugsa på med blomar.

søndag 7. februar 2010

Gratulasjonar i januar og februar

Denne vakre orkidéen, fekk vi frå Olaug og Nils som kondolanse i januar då mor gjekk bort -tusen takk. Orkidéen står like fin endå, bildet er tatt i dag.
No ventar vi berre på at sola skal glytte ned Os-skaret til oss i dalbotnen - det blir vel i skuleferieveka. Er reint misunneleg på dei som bur på solsida og har hatt masse sol i klarveret denne etterjuls-vinteren.
Vil gratulere alle eg kjem på som har bursdag i februar: Oddvar, Anne-Marie, Margunn, Henning - og sikkert mange fleire.
I januar var det bl.a. Magnus, Øyvind, Marta og Signe som feira bursdag. Gratulerer!

mandag 1. februar 2010

Snø og kulde

Det vart litt av ein snø- og kuldevinter her i år. No er vi inne i andre kuldeperioden, godt å ha mykje ved og varmepumpe. Smale vegar og vanskeleg å parkere i Alleen. Snøen ligg tungt på greinene og 1. etg. postkasser er nedsnøa. Viktor har laga djupe spor i snøen ute i hagen og sola skin på Skårhaugnakken. Vi må nok vente nesten 3 veker på sola her, men trass i kulden er det kjekt med stabilt ver.