mandag 22. mars 2010

Gratulasjonar i mars!

Denne helga var Ingrid og Audhild på ridestemne i Breim og dei fekk 1. og 2. plass. På bildet ser vi Ingrid og Wendy. Eg har lite greie på hestesporten, det er vel meir informasjon på bloggar og facebook. Elles er det fleire bursdagar å feire i mars, Ingrid den 9. Ivar den 20., Ingeborg den 23., Olaug den 28., Audny den 31. I går og i dag har det vore vår i lufta og snøen tinar fort. Forrige måndag og tysdag var det full vinter med snøfresing. I dag byrja vi på riving/oppussing av wc/bad i 1.etg. Vi har tenkt på det lenge, var noko slitasje etter 7 år med fam.bh. som avslutta i 2000! Det er over 30 år sidan vi laga til bad i 1. etg. og det var stor stas den gongen. Vi vil gjere det litt meir funksjonelt for alderdomen. Inspirasjonen fekk vi etter eit besøk hjå Lise og Kjell i Stryn sist laurdag.

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsar kor imponert eg var over dei to gul vaskane. 30 år sidan altså ...

arieldog sa...

Eg òg hugsar eg var imponert!

Besta sa...

Vaskane er no vel grøne? Ja, det var den tida då det skulle vere fargar på "kvitevarene" både på bad og kjøkken.Spennande å sjå kva de no skal finne på.

Elin sa...

Ja, men no er vel retro populært? Skal seie de har fått fart på dokke, inspirasjon eine dagen, handling neste...

Hildegard sa...

Svein seier vi må ta konsekvensen av at vi bur i eit gamalt hus. Ingen vits i å prøve og gjere alt nytt. Mykje sannsynleg skal vi behalde dei olivengrøne vaskane og Espe-skåpene, berre male litt. Vi er litt nostalgiske. Det er spesielt golvet som treng fornying. Badekaret skal ut og gjere plass for vaskemaskin og tørketrommel. Dusjen blir som før. Vi utvidar do-delen, har dårleg erfaring med gamle folk og trange do. Alt på ei flate er mottoet, vi håper å få bli gamle her i Alleen.