Kjekk dag heime i Alleen med visittar av barn og barnebarn som deltok i barnetog og folketog utover dagen. Dei kunne fortelje om gode taler m.a. tale for dagen av stortingsrep. V., Gunnvald Ludvigsen, ein av mine tidlegare sjefar.
mandag 18. mai 2009
Vel overstått 17. mai
Kjekk dag heime i Alleen med visittar av barn og barnebarn som deltok i barnetog og folketog utover dagen. Dei kunne fortelje om gode taler m.a. tale for dagen av stortingsrep. V., Gunnvald Ludvigsen, ein av mine tidlegare sjefar.
mandag 11. mai 2009
Vår-tur over fjellet

Laurdag var vi på Oslo-tur. Fekk oppleve byen i strålande fint ver. Sjølvsagt var det Operahuset i Bjørvika som stod høgst på ønskjelista mi, så no har eg vore på taket. Besten var på Ekeberg-sletta på marknad i lag med veteran-venner og hadde ein fin dag der. Han var også på to garasje-besøk hjå kjende i Asker frå Englands-turane våre. Vi budde hjå Frode og Kari i lag med Per som var "privatsjåfør". Køyrde over Gol nedover og Fagernes heim att. Fint over fjellet. Ei koseleg helg. onsdag 6. mai 2009
lørdag 2. mai 2009
Mai-tur
søndag 19. april 2009
Laurdags-aktivitet



I går tok vi rundturen langs Hornindalsvatnet og vidare Panorama-vegen langs Nordfjorden. Målet med turen var å levere måleri hjå Fjellkårstad på Blakset for innramming. Bildet viser Innvik som ligg rett over fjorden. Garden der Amanda vaks opp ligg midt på bildet ved det store granholtet. Seinare på dagen jobba besten med å få opp rota til det gamle plometreet vi har saga ned. Han fekk god hjelp av Kristine som også var med på handletur med oldemor på Bunnpris i Moengården V. Der kom Ingrid og Wendy på ridetur, så vi hadde ein koseleg prat med dei. tirsdag 14. april 2009
Gratulerer Kristoffer!
I dag fyller eldste barnebarnet vårt 21 år. Vaksen kar med nyleg avlagt fagbrev, service elektroniker, så det er ikkje vanskeleg å få hjelp med våre dataproblem. Bursdagsfeiringa hadde han i går på 2. påskedag og LilleMø varta opp med pizza og kaker. Mange gjestar når farfar kom med mange av sine og vi med alle våre. I og med at vi nærmar oss mai og konfirmasjonane, fekk eg lyst å legge ved eit bilde av Kris m/fam. på konfirmasjonsdagen for 6 år sidan.
lørdag 4. april 2009
tirsdag 31. mars 2009
Gratulerer LilleMø!
Gratulerer eldstejenta med 44-årsdagen i dag! Dessverre er ho bortreist på dagen - har studiedagar på NLH ÅS denne veka - tidlegare studiestaden hennar for over 20 år sidan. Kristoffer, den førstefødde, fyller 21 år den 14. april, så det blir vel fellesfeiring i påska, kanskje?
Eg har scanna ein del gamle bilder i vinter og fann bl.a. dette av Hilde, Solveig og Audny. Kanskje Olaug hugsar noko om kor tid det vart tatt? På gardinene å døme er det på Hildegard. Brillene til Audny er heilt "up to date", såg på God morgen Norge i dag kva som er moderne i år! Og kva med gensaren til Strikkemor, har ho strikka den sjølv?
lørdag 28. mars 2009
Gratulerer Olaug
Oldemor Marie, bestemor Amanda, mor Olaug og vesle Solveig i 1963.
Olaug i Innvik - truleg under krigen.
I dag har mi kjære svigerinne bursdag. Eg vart kjend med henne sommaren 1963. Då var ho nettopp blitt mor for første gong. Mange gode minner. Skal ikkje røpe alderen, men dei som les bloggen hennar, merkar nok at ho er ung til sinns. Vi gled oss til å besøkje henne i dag.
onsdag 25. mars 2009
Rikard 95 år
Rikard og niesa Ellen Marie, dotter til Eldbjørg, på Hildegard.
Barnedåpen til Reidun i 1947 på Hildegard: Ellen, Hilda, Amanda, Else, Eivind, Rikard, Storm.I dag fyller Rikard 95 år. Han er onkel til Olaug og Svein og vaks opp på Hildegard, foreldre Hilda og Eivind Os. Han hadde 3 syskjen, Storm, Eldbjørg og Ellen. Rikard har budd i Oslo heile sitt vaksne liv, no på Nordstrand, steller seg sjølv, går til butikken og handlar m.v. Kona, Else, døde for eit par år sidan etter nokre år på pleieheim i nærleiken. Rikard vitja henne kvar dag medan ho var der. Mor til Rikard vart også over 90 år. Begge dei gamle budde i 1. etg. då vi flytta inn i 2. etg. på Hildegard i 1965 på min 20 års dag. Audny var knapt ein månad då og det var stor stas å få eiga leiligheit.
lørdag 21. mars 2009
Mormor Bella
Bilde: Ragnhild, Bella, Astrid på Smia.I dag er bursdagen til mi mormor, Bella Olufine Hanebrekke, f. Almklov i 1890 d. 1982. Ho vart 92 år og siste 10-12 åra av sitt liv budde ho hjå mi mor i Torvik (Smia). Ho var åndsfrisk til det siste. Morfar, Peder f. 1882, døde i 1966. Foreldra hans kom frå Åsebø i Heggjabygda og kjøpte seg gard i Remmedalen. Bella var jorda-jente i Almkloven, men garden i R. var meir lettdriven, så det vart til at garden i A. vart seld og dei overtok Slettebøen i R. Far til Bella, Laurits, bodde hjå henne siste åra av sitt liv. Bella og Peder hadde 4 born, Ola, Ragnhild, Astrid og Leif. No er det berre mi mor, Astrid, som lever igjen. Ho er i sitt 90-ande år og bur på Eid Eldretun.
Eidabesta
mandag 9. mars 2009
Gratulerer Ingrid!
I dag fyller Ingrid 15 år, konfirmant 24. mai, snart vaksa jente. Ingrid er ei snill, flink og populær jente som har omsorg for dei ho har rundt seg, ei ekte "hestejente" frå ho var lita og har sin eigen hest som ho forgudar. Familien feira bursdagen i går på kvinnedagen, venneparty fredags kvelden. Takk for ein koseleg søndagskveld.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





