søndag 19. april 2009

Laurdags-aktivitet




I går tok vi rundturen langs Hornindalsvatnet og vidare Panorama-vegen langs Nordfjorden. Målet med turen var å levere måleri hjå Fjellkårstad på Blakset for innramming. Bildet viser Innvik som ligg rett over fjorden. Garden der Amanda vaks opp ligg midt på bildet ved det store granholtet. Seinare på dagen jobba besten med å få opp rota til det gamle plometreet vi har saga ned. Han fekk god hjelp av Kristine som også var med på handletur med oldemor på Bunnpris i Moengården V. Der kom Ingrid og Wendy på ridetur, så vi hadde ein koseleg prat med dei.

1 kommentar:

Besta sa...

Veldig koselig å sjå fine bilde frå Nordfjord, og særleg Innvik. Fann garden, som eigentleg heiter Indrebø, men vert kalla Geilemyra. Garden ligg på Lyslo, men besten skifta ikkje namn då han kjøpte garden, som han dyrka opp i lag med Matias.Då dei flytte dit opp, var mamma nesten vaksen;i barndomsåra budde dei heilt nede ved sjøen, om lag heilt til venstre i bildet.Bestefar hennar,Matias, kunne ikkje bu ein stad der han ikkje høyrde bølgeskvulp.