Bildet er tatt med mobilkameraet mitt på Torgalmenningen i Bergen ein regnvåt desemberdag i år. Eg hadde eit ærend til Bergen og Svein var sjåfør. Fin tur nedover, men utriveleg vêr heim att. Vi budde sentralt på Bristol og fekk god frukost i Egon-restaurenten som ligg vegg i vegg med hotellet. Det kjekke med turen var at vi fekk treffe dei tre barnebarn-studentane våre + kjærestar. Vi var på "Matbørsen" i Frescohallen (tidl DNB) og hadde "julebord" i lag med dei. Det var også kjekt å sjå kor fint det var pynta i sentrum.
Hausten og førjulsvinteren har gått fort. Vi fekk fjerna granhekken mot naboen i samband med at han skulle byggje seg garasje. Det var ein lettelse, har vore eit trasig arbeid å halde den strigla og fin. No fekk både vi og naboen betre plass å parkere bilar m.m.
Den 13. des. var vi invitert på hotellet på juletallerken med Signe og Kåre. Dette er blitt tradisjon og vi kosar oss i lag og har mykje å prate om i og med at vi har fire felles barnebarn.
Julekvelden var vi i år hjå Audny og familien i Eidsgt. Første juledag var heile gjengen (17) her i Alleen på middag. Andre juledag var vi på Golvsengane hjå Stein Inge og familien på lutefiskmiddag. I kveld skal vi til Hilde og familien på Os på kalkunmiddag, og i morgon blir det Minestroneparty i Eidsgt. Nyttårsafta på kvelden, har det vore tradisjon å feire på Golvsengane, kombinert med Magnus sin bursdag 1. januar. Fint å sjå rakettane frå nordsida av dalen/fjorden.
Vi er heldige som har alle så nær, kjekt å feire julehøgtida i lag med familien.
Eg har vore lite aktiv på bloggen siste året og det blir nok berre sporadisk også i 2014.
Godt nytt år!
2 kommentarer:
De er flinke å få til mykje felleskap. Vi er ikkje SÅ mykje i lag, har litt større avstand, men kan kome i lag når vi vil- men alle må også få litt tid heime hos seg sjølve. Kjekt å sjå bilde frå Bergen. Vi var der i november 2001 og feira Rolf sin 60-årsdag. Den kvelden vi kom var det kaldt og snø, og vi gikk og såg oss om i den julepynta byen. Dagen etter regna det.
Du veit, dei eldste syskjenborna har vakse opp i lag, gått i barnehage og skule i lag, så dei har eit nært og godt forhold. Det vil vel endre seg etter kvart når dei får eigne familier og born å ta seg av.
Eidabesta
Legg inn en kommentar