søndag 17. juni 2012
Juni
I går var vi på ein liten impulstur på Panoramavegen. Vi fekk tips frå ein veteranvenn av Besten at mange 7-setararar/skyssvogner (med klappsete) frå gamle dagar var på vegen vestover frå Stryn. Det var ca. 20 bilar i følgjet, frå m.a. Geiranger og Oslo. Dei hadde lunsj på Ullsvang og skulle attende til Sandane der dei overnatta. Eg tok ein del bilder då dei hadde ein stopp på NOS for å sjå på utsikten. Varmt og fint ver i innfjorden.
Legg ved det årlege bildet av staudene til oldemor Hilda, liljer og konvaller. Dei har stått ved husveggen i meir enn 50 år og eg har ikkje tort å gjere noko med dei, så dei lever sitt liv.
Vi har også hatt nokre fine helgar på hytta i vår. Snart er det midtsommar og då går sola i havet ved neset til høgre i bildet kl 23.30. Vakker utsikt frå verandaen, det er noko spesielt med å få nyte utsikten ut i havet.
No er det snart skuleferie, og den yngre garde reiser hit og dit på tur, men nokre av barnebarna har fått seg sommarjobb og blir heime. Vi satsar på småturar og dagsturar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar